61-åringen som er sikta i saka skal ha vore overtydd om at den drepne var innblanda i drukninga, skriv Haugesunds Avis.
Begge menna hadde hatt eit forhold til den drepne kvinna.
Ingen konkrete grunnar
Men ingen av forklaringane etter drapet på Halsnøy i førre veke har gitt grunnlag for ny etterforskning.
- Det er ikkje kome fram noko i den saka me no etterforskar som skulle gje oss grunn til å ta opp denne gamle straffesaka. Korkje vitne eller dei sikta har gitt oss konkrete opplysningar som kunne gitt oss ein grunn for ny etterforsking, seier politiadvokat Kjetil Kvalvik.