Hopp til innhold

– Mange svært alvorlege døme på framferd i taxibransjen

Taxibransjen må skjerpa seg, meiner Forbrukarrådet, som no vil ha eiga klagenemnd for taxikundar.

Taxi

MÅ SKJERPA SEG: Taxinæringa har alt for mange døme på dårleg framferd frå sjåførar – og alt for dårlege høve til å klage, meiner Forbrukarrådet.

Foto: Hans Erik Weiby / NRK

– Taxikundar manglar reell klagerett, seier Anne Haabeth Rygg i Forbrukarrådet.

Forbrukarrådet vil difor no ha ei eiga klagenemnd for taxinæringa.

– Vi har veldig mange svært alvorlege døme på framferd i taxibransjen. Det er også ei bransje kor du er i ein veldig sårbar situasjon, ved at du sit i ein bil med ein person du ikkje veit kven er, seier Rygg.

Kvinne kom for seint til mora si gravferd

I går fortalde NRK om ei MS-sjuk kvinne som hadde bestilt taxi dagen før til ei gravferd. Men den handikap-tilpassa bilen dukka aldri opp, og kvinna kom for seint til si eiga mor si gravferd.

– Alle sat å venta på oss. Me måtte bera ho inn og ut av ein vanleg privatbil og la rullestolen stå att. Det var ei påkjenning. Ho er jo sjuk, og stress triggar sjukdomen. Ho var utmatta etter episoden, fortel sonen hennar.

(Saka held fram under radioreportasjen)

Men historia er ikkje unik. Rullestolbrukar Helle-Viv Magnerud fortalde om mange dårlege erfaringar med å ta drosje.

– Når eg kjem til flyplassen, så gruer eg meg kvar einaste gong. Det er nedverdigande å bli møtt av taxisjåførar som seier «nei, vi tek ikkje rullestol» eller «vi har ikkje plass», sa ho til NRK i går.

Helle-Viv Magnerud

– LATSKAP: Rullestolbrukar Helle-Viv Magnerud fortel om mange dårlege erfaringar med drosjer. – Ofte er det berre latskap, seier ho.

Foto: Sindre Helgheim / NRK

Terje Herttua i Norges Handikapforbund blir ofte kontakta av folk over heile landet med liknande opplevingar.

– Vi har fått mange fleire liknande førespurnader i år, samanlikna med i fjor. Det kan sjå ut som at dette er eit veksande problem. Me er redd desse historiene berre er toppen av isfjellet, seier Terje Herttua i Norges Handikapforbund.

Taxibransjen lunken til ideen

Forbrukarrådet vil no omorganisera heile bransjen, og oppretta ei klagenemnd, men Jan Valeur, administrerande direktør i Bergen taxi, er ikkje overtydd om at det er vegen å gå.

– Eg skal ikkje seie at vi ikkje vil det, men det er ikkje viktig for oss. Det viktige er at dei som er nær oss og dei som er våre kundar skal kunne klage til oss. Då må vi behandle dei klagene på ein profesjonell og ordentleg måte, og tenke at det då kanskje ikkje er naudsynt med å bruke ressursar på ein offentleg klagenemnd, seier Valeur.

Hos Forbrukarrådet, trur Anne Haabeth Rygg at ei av årsakene til at slike saker som NRK har fortalt om, er nettopp mangelen på ei objektiv klagenemnd.

– Vi trur det ligg eit problem i sjølve organiseringa av taximarknaden. Vi ønskjer no ei organisering der bransjen organiserer seg med alle andre bransjar, altså i selskap, der sjåførane er tilsett og det har ein konsekvens å opptre svært dårleg, seier Rygg.