Hopp til innhold

Våt måling stengde flyplassen

Då flya skulle starta klokka seks i dag, vart dei stoppa av nymåla merkestriper på rullebana. – Ein tabbe, vedgår Avinor.

Våt måling hindra flytrafikken på Flesland 10. oktober 2018

Å VENTA PÅ TØRKANDE MÅLING: Passasjerane til mellom anna Amsterdam-flyet vart torsdag morgon forseinka fordi Avinor hadde måla rullebana.

Foto: Eivind Bye

– Fem minutt før avgang kom kapteinen på høgtalaren. Han byrja med å seia at dette ikkje var ein spøk.

Det fortel Eivind Bye til NRK på telefon etter han omsider har landa i Amsterdam. Flyet hans gjekk ikkje frå Bergen lufthavn Flesland klokka 06.30 torsdag morgon som planlagt.

– Kapteinen forklarte at dei hadde måla stripene på rullebana i natt, og at målinga ikkje hadde tørka enno, fortel Bye.

Det var Bergens Tidende som først meldte om målingstabben på Flesland i dag tidleg.

– Dårleg planlagt

– Merkeleg å byrja å mala i oktober, når sommaren har vore så tørr og fin. Rimeleg dårleg planlagt, for å seia det mildt, meiner Bye.

Pressekontakt Lasse Vangstein i Avinor beklagar at våt måling lamma flytrafikken.

– Arbeida på rullebana vart dessverre ikkje ferdig til dei første flya skulle gå. Det er ikkje noko særleg å få måling på flyhjula og eventuelt målingssprut opp på flykroppen.

Lasse André Vangstein

TABBE: Pressekontakt Lasse Vangstein i Avinor beklagar at våt måling lamma flytrafikken på Flesland i dag tidleg.

Foto: Kim Jansson / NRK

Han seier at det var den såkalla senterlinja midt på rullebana som vart måla på nytt i natt.

– Me tar omsyn til flytryggleiken. Det er det viktigaste uansett.

Vangstein viser til at det er klare krav til merkemålinga.

– Å dra ut måling på rullebana ville ikkje vore bra. Då hadde me fått endå større problem enn at nokre fly vart forseinka i morgontimane i dag.

– Dumma seg ut

Avgangane til Amsterdam, Oslo og København vart høvesvis 24, 34 og 49 minutt forseinka før det første flyet kunne ta av om lag klokka 7.

I tillegg vart dei første Widerøe-flya som skulle landa nokre minutt forseinka.

– Avinor har dumma seg ut, sa Bye til BT rundt klokka 06.45, medan han sat og venta på avgang.

Flesland

MÅLINGSKLUSS: Det burde vera god målingstørk i finvêret i Bergen i dag, men tre fly vart forseinka fordi Avinor i løpet av natta hadde måla nye striper på rullebana som ikkje hadde tørka før flya skulle letta (Arkivfoto).

Foto: Varde Media / Avinor

Beklagar

Vangstein gir passasjeren delvis rett i kritikken.

– Eg ser poenget hans. Me burde vore ferdig til flytrafikken skulle starta klokka 6. Me beklagar sjølvsagt dette, men flytryggleiken må gå framfor alt.

Avinor skal no undersøka kva som gjekk gale då målinga ikkje tørka i tide.

– Normalt skulle den vore tørka i tide. Me har ikkje kome heilt til botnar i kvifor den framleis var våt klokka seks.

– Er dette måling som tørkar saktare enn vanleg måling?

– Det veit eg ikkje.

Han veit førebels heller ikkje kva tid målingsarbeida starta og slutta.

– Jobben har vore planlagt lenge og skulle gjerast, men me fekk ei utfordring med utstyret i natt, seier operativ sjef Øystein Skaar i Avinor til BA.

Frå flyplassen i Amsterdam fortel Eivind Bye at mange passasjerar frå Bergen mista flya sine vidare på grunn av trøbbelet med våt måling på Flesland.

– Passasjerar til seks ulike destinasjonar måtte bli booka om til seinare fly. Men eg rekk heldigvis flyet mitt vidare.