Hopp til innhold

Varsler erstatningssøksmål

Krava om erstatning kan bli skyhøge frå dei to drapsfrikjente mennene.

Rettssaken etter Åsane-drapet
Foto: Anders Nøkling / NRK

Dei to mennene som vart frikjente for Åsane-drapet i går, varslar erstatningssøksmål.

Ein 28-åring og ein 37-åring vart onsdag blankt frifunnen for drapet på Ørjan Bjarte Madsen i 2000.

LES OGSÅ: Tilsto Åsane-drapet

Forsvararane til dei to seier dei vil vurdera erstatningssøksmål for urettmessig straffeforfølgning.

- Eit mareritt

- Eg trur nok at det vert ei naturleg oppfølging. Tre år av våre klientar sine liv har gått tapt på grunn av denne straffeforfølginga. Dei har hatt eit mareritt, og det er klart at når dei har hatt ein falsk anklage mot seg, så skal det bøtast på, seier han.

John Christian Elden som forsvarte 28-åringen, seier han er oppgitt over at saka i det heile tatt kom opp i rettsapparatet.

- Aktor bygger alt i tiltalen på ei vurdering av truverdet til ein som er kjent som Bergens mest kriminelle, seier han.

Kallar saka ein farse

Mannen han siktar til, er Jarle Olsen, som har snakka dei to inn i saka, etter stadig å ha kome med nye forklaringar.

Og medforsvarar Odd A. Drevland var ikkje nådig i karakteristikkane av påtalemyndigheita etter at sigeren var klar.

LES OGSÅ: Anker frifinnelsen i Åsane-drapssak

- Eg må berre seie at det som slår ein oppe i alt dette, er kvifor påtalemyndigheita i det heile tatt har valt å tru på Jarle Olsen. For meg framstår dette som ein farse, og vi må no setje oss ned for å sjå på kva vi skal gjere med dette. Eg fattar ikkje at det er mogleg å tru på den mannen, seier Drevland.

Elden meiner kjennelsen i går bør få konsekvensar.

- Det bør bli ei sak mot Jarle Olsen, som har avgitt falsk forklaring om drap, noko som legitimerer til fleire års fengsel, seier han.

Statsadvokat Jarle Golten Smørdal seier han ser seg ferdig med Åsane-saka.