Hopp til innhold

Tilståing i Åsane-drapet

For vel ei veke sidan skal Tor Helge Flaten ha vedgått at det var han som skaut Øyvind Bjarte Madsen 19. april 2000.

Norges lover
Foto: Bjørn Sigurdsøn / NRK

Seks år etter Åsane-drapet kan saka ha tatt ei ny vending. Tor Helge Flaten skal no ha innrømma at det var han som drap Madsen.

Jarle Olsen sonar no ein dom på 21 år i fengsel for drapet. I tillegg er andre óg dømde for drapet.

TEST

La alle kort på bordet

For ei drøy veke sidan skal Tor Helge Flaten ifølgje Bergensavisen ha lagt alle korta på bordet i eit nytt avhøyr med politiet.

31-åringen som er dømd, men som tidlegare har nekta straffskuld, skal no ha vedgått at det var han som utførte drapet i april 2000.

Flaten skal ha fortalt at drapet ikkje var planlagd, men skjedde i affekt.

Fann drapsvåpenet

Han skal også ha fortald kor drapsvåpenet låg gøymd - eit våpen politiet no skal ha funne under eit kommelokk.

Flaten sin forsvarar, Oscar Ihlebæk, vil ikkje gje kommentar om dette til BA, men seier det har vore ei ny utvikling i saka.