Hopp til innhold

Varslar melder seg ut av fagforeninga

På grunn av manglande støtte frå fagforeininga etter varslarsaka i hordalandspolitiet, melder politiadvokat Line Skjengen seg ut av Politijuristene.

Politiadvokat Line Skjengen

– MANGLANDE STØTTE: – Dette skjedde på grunn av manglande støtte og oppfølging frå fagforeininga etter at me leverte varselet, seier politiadvokat Line Skjengen.

Foto: Roy Hilmar Svendsen / NRK

Saman med ein juristkollega varsla politiadvokat Line Skjengen politimeisteren i Hordaland om det dei meiner er ein ukultur i leiinga i Hordaland politidistrikt.

I eit dokument på nærmare 200 sider tok dei opp det dei ser som ei rekke kritikkverdige forhold knytt til måten leiinga behandlar sine tilsette på.

No har Skjengen valt å melde seg ut av fagforeininga Politijuristene.

– Eg har meldt meg ut av Politijuristene og inn i Politiets Fellesforbund. Det skjer etter uttalelsane tillitsvalde i fagforeininga kom med i media, etter varslar-saka blei kjent, seier Skjengen til NRK.

LES OGSÅ: Meiner politiet ikkje har tatt saka på alvor

– Manglande støtte frå fagforeininga

Eit av eksempla i varslingsdokumentet skal vere behandlinga av ein erfaren drapsetterforskar som stilte ei rekke kritiske spørsmål ved politiets behandling av dødsfallet til åtte år gamle Monika Sviglinskaja i 2011, ei sak som fyrst blei lagt bort.

Ole Bjørn Mevatne

Leiar i Politijuristene, Ole Bjørn Mevatne.

Foto: Leif Rune Løland / NRK

Etter at varslings-saka fyrst blei omtalt av Bergens Tidende, sa leiar i Politijuristene Ole Bjørn Mevatne, til NRK at han ikkje var kjent med at det skulle vere ein ukultur på politihuset i Bergen.

Dette reagerte Skjengen så kraftig på at ho har valt å gå over til Politiets Fellesforbund.

– Uttalelsane dei kom med i media var uheldige. Eg opplever at dei uttalte seg negativt om varslarsaka og gav uttrykk for at det me varsla om var feil.

– Dette skjedde på grunn av manglande støtte og oppfølging frå fagforeininga etter at me leverte varselet. Det har i grunnen ikkje vore noko form for oppfølging.

– Uheldige uttalelsar i media

Skjengen ser ikkje bort frå at uttalelsane frå Politijuristene kan ha gitt andre, særleg dei andre politijuristane i distriktet, inntrykk av at dei har varsla om heilt andre forhold enn det dei har gjort.

– Dette er svært uheldig, særleg med tanke på at me ikkje kan uttale oss om innhaldet dersom me skal forholde oss lojale til politidistriktets interne varslingsrutinar. Det har vore eit ønske frå vår side Politijuristene sentralt hadde rydda opp i dette, spesielt opp mot våre kollegaer. Det har dessverre ikkje skjedd, seier Skjengen.

Fagforeininga står for det som er sagt

Til Bergensavisen seier Mevatne i dag at han ikkje ønskjer å beklage uttalelsane han gav då varslarsaka blei kjent.

– Eg kan ikkje sjå at det er noko ukultur, og har heller ikkje i ettertid sett noko juristoppgjer. No har eg også sett meg inn i den saka, og eg ser ikkje at det endrar noko som helst. Eg meiner å ha såpass god kontakt med vårt fagmiljø, at viss det hadde vore eit juristopprør så ville eg ha visst det.

Leiaren av Politijuristene i Hordaland seier til NRK at han aldri har kommentert innhaldet i varselet.

– Det er beklageleg at ho har meldt seg ut. Etter min oppfatning har me prøvd å tilby støtte, men eg ser jo det at ho ikkje har oppfatta denne som god nok, seier Mevatne.

LES OGSÅ: – Må få konsekvenser for politiet