Hopp til innhold

Mann sikta for drap på Monika (8)

Monika Sviglinskaja (8) vart funnen død i sin eigen heim i 2011. To år etter at saka vart lagt bort av politiet, er ein 32 år eks-stefar no arrestert og sikta for drap på jenta.

Monika Sviglinskaja montasje

ARRESTERT: Måndag 20. oktober arresterte politiet ein 32 år gammal mann som er sikta for drap på Monika Sviglinskaja.

Foto: Montasje / Privat/Presttun foto

I 2011 blei litauiske Monika Sviglinskaja (8) funnen omkomen i ein bustad på Steinsland i Sund kommune.

Jenta blei funne med skadar som politiet hadde mistanke om at kunne vere sjølvpåførte. Dette til trass for at vindauget i inngangsdøra til huset var knust, og det var spor etter kamp i huset.

I august 2012 la politiet vekk saka, men i etterkant har politiet fått kraftig kritikk frå tidlegare Kripos-topp Asbjørn Hansen.

I mai i år vart etterforskarar frå Kripos kopla inn for å hjelpe politiet i Hordaland med ein ny gjennomgang av barnedødsfallet, då det vart stilt krav ny etterforsking av saka.

Tidlegare sambuar arrestert

Måndag denne veka vart ein mann arrestert, mistenkt for drapet, og han vil bli framstilt for fengsling i Bergen tingrett onsdag 22. oktober. Mannen skal vera tidlegare sambuar med mora.

– Me har for kort tid sidan blitt orientert om at saka er koda om frå sjølvdrap til drapssak, og at ein person er arrestert og sikta i saka, seier bistandsadvokat til mora, Stig Nilsen, i ei pressemelding.

– Me ynskjer å rose Kripos og etterforskingsgruppa som har arbeida med saka og komme fram til den status saka har i dag, seier han.

Han opplyser at dei ikkje har fått opplysningar om innhaldet i etterforskinga, men har heile tida blitt informert om forventa tidsaspekt i etterforskinga.

Lagt bort i nesten to år

Jente funnet død i Sund kommune

LAGT BORT: I 2012 vart saka lagt bort av politiet, og saka vart igjen opna i mai i år. Måndag vart ein mann arrestert, og er sikta for drap på Monika (8).

Foto: Eirik Hagesæter/Bergensavisen

Etter ni månader etterforsking av barnedødsfallet vart saka lagt bort, i august 2012.

Politiet konkluderte då med at det ikkje hadde skjedd noko straffbart, og at det ikkje var nokon til stades då jenta døde.

Då Kripos vart kopla inn i 2014 hadde saka vore lagt bort i eitt år og ni månader.

Advokat Stig Nilsen var då svært nøgd med at politiet då hadde engasjert Kripos i arbeidet.

– Dette er helt avgjerande og i tråd med mi oppmoding. Kripos bør også lede den taktiske etterforskinga, sa Nilsen til NRK då.

– Letta over vendinga

Bistandsadvokat Stig Nilsen seier mora til Monika ikkje ynskjer å rette kritikk mot den tidlegare etterforskinga, men at dei viser til det som har kome fram i media tidlegare.

Han seier mora forventar at Spesialenheten vil gjennomføre ein grundig vurdering av etterforskinga.

– Min klient uttalar at ho er svært letta over den nye vendinga saka har tatt. Ho ventar spent på den vidare utviklinga i etterforskinga, seier Stig Nilsen.

Den sikta nektar straffskuld.

– En veldig spesiell sak

SPESIELL SAK: Intervju med Olav Rønneberg, leiar i Krimredaksjonen i NRK.