Hopp til innhold

Forventar trøkk på Bybanen

Skyss varslar fulle bybanevogner når studentane byrjar pendlinga til Kronstad denne veka. – Det er mange tusen det er snakk om.

Bybanestoppet på Kronstad ved Høgskulen i Bergen
Foto: Jon Bolstad / NRK

Kvardagen byrjar å gå seg til att i Bergen etter sommaren, og tysdag byrjar studentane sin studiekvardag på den splitter nye høgskulen på Kronstad. Skyss er førebudd på ein stor auke i talet på reisande til og frå bybanestoppet på Kronstad, og har auka frekvensen.

– No går den litt oftare enn den gjorde før. Vi har også starta opp ei ekspressbusslinje som skal gå frå Festplassen til Kronstad. Det er gode moglegheiter for at den vil avlaste Bybanen. Vi er spent på om den blir brukt, seier kommunikasjonsrådgjevar Hilde Kleppestø.

Kapasiteten sprengt

Tidlegare var avgangane på Bybanen kvart femte minutt i rushtida, men frå 11. august var nye rutetider på plass og no går bana kvart 4–5 minutt når passasjertrykket er som mest.

I tillegg til dei 6000 studentane ved nybygget til HiB på Kronstad, har høgskulen også 1000 studentar i Møllendalsveien med Florida som næraste bybanestopp. Kleppestø ber dei reisande vera tolmodige dei første dagane.

– Det er mange tusen det er snakk om. Så det kan nok bli litt venting, men etter kvart vil det gå seg til.

Har tilpassa timeplanen

Ho fortel at Skyss og Høgskolen i Bergen har samarbeida for å takla den venta passasjerauken, for å gi dei nye studentane oversikt over kva moglegheiter dei har når dei skal til og frå Kronstad.

– Vi har vore i god dialog med dei og vi samordna informasjonen som har gått ut til studentane i forkant. Og no har Høgskolen faktisk prøvd å spreie timeplanen litt, sånn at ikkje alle studentane byrjar på likt. Det kan hjelpe på, fortel Kleppestø.