Hopp til innhold

– Dei fattigaste menneska i verda betalar for at vi skal hjelpe litt her heime

Angrep på Syria-avtalen og høglydt debatt om grøn omstilling var mellom ingrediensane då ungdomspartileiarane møtte til debatt i Bergen. Sjå høgdepunkta her.

Nicholas Wilkinson fra ungdomspartienes debatt

SU-leiar Nicholas Wilkinson langa ut mot regjeringa sin flyktningpolitikk under ungdomspartileiardebatten på NHH i Bergen i dag.

Vallogo

Partileiarane frå åtte parti stilte til debatt på NHH i Bergen i dag. Ole Torp styrte debatten og i panelet var følgande åtte:

Mani Hussaini (AUF), Erling Laugsand (Senterungdommen), Anna Kvam (Grønn Ungdom), Nicholas Wilkinson (Sosialistisk Ungdom), Emil Andre Erstad (KrFU), Atle Simonsen (FpU), Tord Hustveit (Unge Venstre) og Kristian Tonning Riise (Unge Høyre).

  • Sjå heile debatten i videovindauga nedst i saka.
Ungdomspartileiarane som møtest til debatt på NHH i Bergen

Frå venstre: Mani Hussaini (AUF), Erling Laugsand (Senterungdommen), Anna Kvam (Grønn Ungdom), Nicholas Wilkinson (Sosialistisk Ungdom), Emil Andre Erstad (KrFU), Atle Simonsen (FpU), Tord Hustveit (Unge Venstre) og Kristian Tonning Riise (Unge Høyre).

Foto: Christian Fougner / NRK

Duell om oljen

Sendinga starta med ein duell mellom Grønn Ungdom og Framstegspartiets Ungdom. Temaet var grønt skifte og kva Norge skal livnæra seg av etter oljen. Atle Simonsen i FpU fekk inn første stikk mot Anna Kvam i Grønn Ungdom:

– Eg har sagt at eg er for eit oljefritt Lofoten og Vesterålen, eg vil at vi pumpar opp alt. Vi må gi vår viktigaste næring gode vilkår. Miljøpartiet Dei Grøne ønskjer å halvera oljenæringa innan fem år. Det vil føre til konkursar, kollaps av velferdsstaten og personlege tragediar, sa Simonsen.

– Når arbeidsplassar forsvinn på Vestlandet no, så er det trass i grøn politikk. Det er fordi vi fører ein oljepolitikk som gjer oss så avhengig av ein næring at vi ikkje har alternativ å tilby dei som står utan jobb no. Oljenæringa sug til seg kapital og menneske på ein slik måte at det er umogleg å bygge opp konkurransekraftige næringar i tide, svara Anna Kvam i Grønn Ungdom.

Grønn ungdom og FpU om miljøpolitikk

Sjå duellen mellom Atle Simonsen (FpU) og Anna Kvam (Grønn Ungdom).

Slakta Syria-avtalen

Det andre temaet på debatten var den store flyktningkrisa i Europa, som har eskalert dei siste månadane. Nicholas Wilkinson i Sosialistisk Ungdom slakta Syria-avtalen der ein vart samde om å seia ja til 8.000 flyktningar, og ikkje 10.000.

– Det eg syns er noko av det verste i denne flyktningdebatten, er Frp. Ingen er samde med dei. Men dei får dei andre partia til å sjå så greie ut.

– Denne avtalen med 8.000 flyktningar, deler av pengane er tatt frå bistandsbudsjettet til Afrika. Dei fattigaste menneska i verda betalar for at vi skal hjelpe ein smule her heime, rasa Wilkinson.

  • Sjå videoen av Wilkinson sitt utspel øvst i saka

– Hjelp i nærområdet mest naudsynt

Simonsen i FpU måtte svara på om han støtta fleire av utsegnene som har kome frå politikarar moderpartiet hans.

– Støtter du de som vil stenge grensene for Europa og snu båtane?

– Det støttar eg ikkje. Det etiske og riktige å gjera er å hjelpa flest mogleg. Det er i nærområda nauden er størst og det er der behova er. Vi treng å hjelpa i nærområda, svara Atle Simonsen (FpU).

FpU om flyktninghjelp

– Norge vart meir oljeavhengig under dykk

Det vart også duell om grøn omstilling i Norge mellom Unge Høgre og AUF. Kristian Tonning Riise (UH) nytta moglegheita til å gi eit spark til det tidlegare regjeringspartiet Ap.

– I alle dei åra dykk styrte så vart vi meir oljeavhengige, sa han og la til:

– Det går ikkje an å stå her på NHH og ikkje skjønne forskjellen på akutt likviditetskrise og ein langvarig omstilling.

Naturleg nok til applaus frå salen.

Unge Høyre og AUF debatterer

Duell om grøn omstilling. Mani Hussaini (AUF) og Kristian Tonning Riise (UH).

Til angrep på Dei Grøne

Etter duellen mellom dei to største ungdomspartia fekk også resten av panelet fortelje om sin politikk for å sikre arbeidsplassar etter oljen. FpU peika på det auka behovet for ingeniørar i Vegvesenet, på grunn av auken i utbygginga av vegar i Norge.

– Men så seier Miljøpartiet at vi skal slutta å bygge vegar og motorvegar. Dei skal ikkje berre ta frå folk jobben, men også hindre at folk skal komma seg på jobb, smalt det frå Atle Simonsen i FpU.

– Ærleg talt. Det er ikkje grenser for kva mytar folk skal spreie om vår politikk. Eg trur jo ikkje at folk skal gå frå Arendal til Tvedestrand. Men vi trur at veldig mykje av privatbilismen i Norge i dag kan erstattast av tog, buss, bane og syklistar, svarte Anna Kvam (Grøn Ungdom) kontant.

FpU langar ut mot MDG om vegpolitiikk

FpU og Grønn Ungdom om vegutbygging.

Sjå heile debatten

Partilederne i ungdomspartiene debatterer