Hopp til innhold

Ungdomar skapa kvalme ved Oasen

Fleire ungdomar fekk pålegg frå politiet om å halda seg vekke frå offentlege stader ved Oasen i Fyllingsdalen i kveld. Mellom 10 og 40 ungdomar hadde samla seg i området ved kjøpesenteret. – Dette er mange av dei same ungdomane som laga bråk ved Torgallmenningen i går. Dei yppa til bråk og laga kvalme og fekk beskjed om å gå heim, seier operasjonsleiar Stein Rune Halleraker i Vest politidistrikt.