Hopp til innhold

To personar til sjukehus etter ATV-ulukke

ATV med to personar skal ha køyrd inn i ein betongvegg på Manger. Ein person vart sendt til sjukehus med luftambulanse.

ULUKKE: To personar skal vera involvert i ulukka i Manger. Skadeomfanget er ikkje kjent.

Både politiet og 110-sentralen i Hordaland melde om ulukka klokka 19.12 søndag kveld.

Dei rykte ut til Manger i Radøy kommune i Hordaland.

– Det var to personar involvert i ulukka. Dei skal ha treft ein stein og deretter køyrd inn i ein betongvegg, fortel operasjonsleiar Terje Magnussen i Vest politidistrikt.

Dei to involverte er ein mann i 60-åra og ei kvinne i 20-åra. Det var AMK som først fekk melding om ulukka klokka 19.05. Dei sende deretter ut trippelvarsling.

Til sjukehus med luftambulanse

Ulukka skal ha skjedd nordvest for Manger sentrum, i Grindheimsvegen.

Det var folk i nærleiken, men det var ingen vitne til sjølve ulukka.

Like før klokka 20.00 tok luftambulansen med seg ein av personane til Haukeland universitetssjukehus i Bergen.

Litt seinare vart den andre personen tatt med til same sjukehus i vanleg ambulanse. Skadeomfanget er ikkje kjent.

– Begge var vakne og har ikkje vore medvitslause. Ein av dei hadde smerter i ryggen, fortel Magnussen i politiet.

Det er ikkje mistanke om promillekøyring.