Av:
Kristina Brekke /
Eli Bjelland
Dei to siste dagane har Norske Veritas utført ei rekkje kontrollar på banen og uteksaminert nye vognførarar.
Ulriksbanen har vore ute av drift sidan 10. januar i år då ein wire røyk på ei av vognene.
Håpar berre på snø
Men no skal alt vera i orden att.
- Alle godkjenningar er på plass no. No håpar me berre på meir snø på toppen, fortel dagleg leiar for Ulriksbanen, Torbjørn Sirseth.