NRK Meny
Normal

Ulovleg puppereklame

Klinikk Bergen driv ulovleg marknadsføring av sitt tilbod om finansiering av brystoperasjonar og annan plastisk kirurgi.

Pamela Anderson
Foto: David Livingston / Scanpix/AFP

Klinikk Bergen kan tilby operasjonsfinansiering gjennom GE Capital Bank.

Men 2. juli i fjor kom det ei ny forskrift som gir klare grenser for marknadsføring av brystoperasjonar og annan plastisk kirurgi.

Forbrukarombod reagerer

Forbrukarombud, Bjørn Erik Thon, reagerer på at klinikken driv slik marknadsføring.

 

Det at du kan få lån for å gjera kosmetiske inngrep tykkjer eg svært lite om, og heldigvis er det jo også forbode.

Forbrukarombud Bjørn Erik Thon

 - Ikkje marknadsføring

«5 minutters lånesøknadsbehandling» står det på heimesidene til klinikken.

 Vidare står det at «Søknad om pasientkonto fylles ut hos Klinikk Bergen og ringes inn til GE Capital Bank for kredittvurdering.»

 Plastikkirurg Tom I. Ørner tykkjer ikkje at dette er marknadsføring.

 - Me gir ikkje lån, men me kan formidla kontakt til ein stad der folk kan få lånt pengar gjennom eit finansieringsselskap. Dette er ei ordning me ikkje tilrår grunna høge renter, fortel han.

Tek vekk reklamen

Etter at Ørner i går fekk tilsendt dei nye forskriftene, vil han ikkje lenger uttala seg.

Han trudde ikkje at Klinikk Bergen dreiv marknadsføring som var i strid med reglane.

Klinikken tek no likevel vekk reklamen for finansieringen frå nettsidene sine.

Siste video

Programleder er Mariann Reikerås