Ukjent brannårsak på Dale

Politiet har enno ikkje slått fast kva som var årsaka til brannane på Dale måndag kveld. Det brann både i eit rekkehus og på togstasjonen, og ein mann er varetektsfengsla sikta for skadeverk. – Teknikarar jobbar framleis i den utbrente bustaden, og politiet håpar å få svar over helga, seier etterforskingsleiar Roberth Veset.