Hopp til innhold

NRK-programleiar fekk ærestittel frå Universitet i Bergen

NRK-programleiar Selda Ekiz blei tildelt tittelen ærealumn ved Universitet i Bergen i dag. Det er det berre ho, Erna Solberg og Hans-Wilhelm Steinfeld som kan kalle seg.

Selda får tildelt diplom

BEVIS: her får Selda Ekiz tildelt beviset på at ho er teke opp som æresalumn ved UiB

Foto: Thor Brødreskift

Ekiz er kjend for program som Newton, Anno og Barn ingen tilgjenge. Ho er også utdanna fysikar ved Universitet i Bergen.

I dag fekk ho tittelen æresalumn ved Universitet i Bergen. Det er sjeldan tittel som berre Erna Solberg og Hans-Wilhelm Steinfeld har kunna smykke seg med fram til i dag.

– Når UiB tok kontakt blei eg først litt forvirra. Er det verkeleg meg dei meiner? Når eg skjønte at det var tilfellet blei eg veldig stolt. I alle fall når eg såg kven som har fått tittelen før meg. Det er ei stor ære, seier Ekiz.

– Vekka nysgjerrigheita blant unge

– Ho har gjort ein ekstraordinær innsats som vitskapsformidlar, og er ein svært god ambassadør for universitet, seier rektor ved UiB, Dag Rune Olsen då han offentleggjorde utnemninga.

Målet med å utnemne æresalumnar er å rette merksemd mot tidlegare studentar som har gjort ein ekstraordinær innsats overfor universitet, eller innanfor sitt fagområde eller arbeidsfelt.

– Gjennom si formidling har ho bidrege på til å vekke nysgjerrigheita for vitskap, særleg hos unge, meiner rektor Olsen.

Dansende seigmann

FYSIKAR: Ekiz er utdanna fysikar ved universitetet der ho no er æresalumn

Foto: NRK

Stor interesse for vitskapsformidling

Ekis har bachelorgrad i fysikk frå 2008, og mastergrad i fysikk frå 2011 med måleteknologi og instrumentering som hovudretning.

Allereie i studietida viste Ekiz stor interesse for vitskapsformidling. Mellom anna var ho ei av drivkreftene bak Fysikkshow Bergen, som var eit ettertrakta innslag i skulen i Bergen og omland.

– Eg synest det er utruleg kjekt og spennande å prøve å fortelje folk kva vi driv med. Og så er eg veldig glad i prate generelt. Det er nok delvis årsaka til at eg er så interessert i formidling, seier Ekiz.

Ville bli fysikar på grunn av Schrödingers katt

I 2011 debuterte ho som programleiar i det populærvitenskapelege barne- og ungdomsprogrammet Newton. Ho fekk prisen for beste programleiar i 2013.

Sidan det har også leia program som Anno og Barn ingen tilgjenge, i tillegg til å ha vore konferansier for Forskar Grand Prix fleire gongar.

Interessant nok har Ekiz tidlegare sagt at ho ville blir fysikar fordi ho såg eit program om CERN og partikkelfysikk på Schrödingers katt på NRK.

– Det stemmer. Då eg såg programmet tenkte eg at det er så mykje kule ting på gang som kan forandre heile verda, fortel Ekiz.

Selda og deltakerne i Anno

ALLSIDIG: Ekiz driv ikkje berre med vitskapsformidling, ho har og til dømes leia programmet Anno på NRK1

Foto: Julia Marie Naglestad / NRK