Trym og Kjartan omkom i flystyrten

Det var Trym Gram-Knutsen (48) og Kjartan Andvik (33) som omkom i flystyrten på Voss. – Takk til kvar og ein som har tatt kontakt og vist omsorg, seier familiane i ei pressemelding.

Trym og Kjartan

OMKOM: Trym Gram-Knutsen (48) og Kjartan Andvik (33) omkom i flystyrten.

Foto: Privat
Flystyrt på Voss

FLYSTYRT: Flyet styrta på Stora Volavatnet i Voss kommune.

Foto: Hommedal, Marit / NTB scanpix

Politiet har frigjeve namna på dei to som omkom då eit fly styrta på Vossafjella denne veka.

  • Kjartan Andvik. 33 år, opphaveleg frå Masfjorden, busett på Voss, var pilot på flyturen
  • Trym Gram-Knutsen. 48 år, opphaveleg frå Fana, busett på Voss, var passasjer i ulykkesflyet

Begge blir beskrive som særs aktive og engasjerte i luftsportsmiljøet på Voss.

Det var tysdag 1. april at mikroflyet vart meldt sakna i Voss kommune. Dei to flygarane hadde letta frå Bømoen flyplass dagen før. Tysdag ettermiddag vart flyet funne av eit Sea King redningshelikopter.

Klokka 11.49 onsdag bekrefta politiet at to personar vart funne i det styrta flyet.

– Ein utruleg humørspreiar

Kjartan var ein utruleg humørspreiar, og som venn var han heilt fantastisk. Når me misser sånne som han, blir ein heilt sett ut.

Oddvin Teigen

33 år gamle Kjartan Andvik vart medlem i Voss flyklubb då han flytta til Voss for eit par år sidan.

Oddvin Teigen flaug saman med Andvik måndag, kort tid før ulukka skjedde. 33-åringen la sjølv ut eit bilete av turen på Facebook.

Dei to var kjende med kvarandre gjennom flymiljøet på Voss, og Teigen beskriv Andvik som ein lojal og god venn.

– Etter å ha vore i det same miljøet ei stund vart me jo etter kvart veldig gode kameratar. Han var ein utruleg humørspreiar, og som venn var han heilt fantastisk. Når me misser sånne som han, blir ein heilt sett ut.

Teigen seier at kameraten var ein ekstremt dyktig pilot.

– Som flygar var han heilt fantastisk. Rett og slett kanonflink. Det var verkeleg ingenting å utsetja på han som pilot.

Også onkelen til Kjartan Andvik, Gunnar Andvik rosar nevøen sin som pilot.

– Nevøen min var ein ekstremt dyktig pilot. Han var verkeleg ein av dei beste.

Takkar for omsorg

Familiane takkar kvar og ein som har tatt kontakt og vist omsorg. Det varmar!

Dei pårørande til Trym og Kjartan

I ei pressemelding på vegner av familiane til dei omkomne, blir det retta stor takk for omsorga etter at dei to blei meldt sakna.

– Det sterke samhaldet i luftsportsmiljøet har familiane også fått kjenne på nært hald i tida frå Kjartan og Trym har vore meldt sakna. Familiane takkar kvar og ein som har tatt kontakt og vist omsorg. Det varmar!, skriv familiane i pressemeldinga.

Dei vil også retta ein stor takk til alle profesjonelle og frivillige som har stått på, og som på alle måtar har bidrege til at dei to i flyet no er henta ned frå fjellet.

Familiane seier at kommunelegen, prestane på Voss og i Masfjorden har gjort ein framifrå jobb.

Ikkje funne årsaka til ulukka

Norges Luftsportforbund sin havarikomité veit førebels ikkje årsaka til flystyrten. Komitéen slår fast at det er snakk om ein rein styrt, og ikkje eit mislukka landingsforsøk.

Onsdag gjorde havarikomitéen til Norges Luftsportforbund sine undersøkingar, og kan allereie no fastslå at dei mest truleg ikkje vil kome fram til ein endeleg konklusjon.

Jan Fredrik Fleischer Tønjum, leiar i Voss flyklubb, seier til NRK torsdag at han framleis klamrar seg til håpet om å finna årsaka til styrten.

– Me må lære noko av denne ulukka, seier Fleischer Tønjum.

Etter planen skal flyvraket fraktas ned frå fjellet torsdag kveld.

Luftsportmiljøet på Voss skal samlast på Bømoen på sundag for å minne dei to omkomne.

Siste video

Gjengen i Stjernekoret har sunget sammen i flere år, men i høst bestemte dirigenten at koret skulle prøve noe helt nytt.
Brann har inngått avtale med Nike - og med på kjøpet kommer helt nye røde trøyer.
I sesongens siste Skavlan er det duket for landskamp mellom Norge og Sverige: Hvem husker mest fra Skavlan-året? På norsk lag stiller Harald Eia og Josefine Pettersen.