Hopp til innhold

Trur ikkje på dramatikk på neste styreval

– Dei som kjem fem minutt for seint til årsmøtet vil gå glipp av det meste, seier supporterleiar Roger Lillebøe-Hansen etter å ha sett den nye innstillinga til Brann-styret.

Roger Lillebøe-Hansen

- Valkomiteen har gjort ein grundig jobb, og på lista er det namn som også supporterane har spelt inn, seier supporterleiar Roger Lillebøe-Hansen i Bataljonen.

Foto: Sølve Rydland / NRK

Måndag ettermiddag vart valkomiteen si innstilling til nytt Brann-styre kjent i media. Hardball-leiaren Eivind Kåre Lunde er innstilt som styreleiar, etter å ha tenkt seg om litt då han vart spurt av valkomiteen.

På resten av lista står siviløkonom Morten Kolseth, advokat Siren Preto og forretningsmann Birger Grevstad jr. Frå før er Henrik Lie Nielsen, Åshild Samnøy og Krister Hoaas valt inn.

– Kandidatar med grundig bakgrunn

Eivind Kåre Lunde

INNSTILT SOM NY STYRELEIAR: Eivind Kåre Lunde.

Foto: Privat

Roger Lillebøe-Hansen er leiar for supporterklubben Bataljonen. Han er positiv til den nye innstillinga frå valkomiteen.

– Innstillinga kom litt plutselege og dette er veldig ferskt. Men her er mange kjente og gode namn, også namn som supporterane har spelt inn, seier Lillebøe-Hansen til NRK.

Han legg til at dei kjenner godt til styreleiarkandidaten Lunde, som gjennom mange år har jobba i investorgruppa Hardball. Dei har stått bak finansieringa av fleire spelarkjøp i Brann opp gjennom åra.

– Dei nye kandidatane har ein grundig bakgrunn frå næringslivet, noko det er tydeleg at komiteen har fokusert på.

Trur ikkje på dramatikk

Årsmøtet i Brann i starten av mars enda som kjent i sirkus og rabalder, då nyvalt styreleiar Kjell Tennfjord trekte seg etter berre 75 minuttar i vervet. Eivind Kåre Lunde sa til NRK tidlegare i dag at han ikkje har hatt ønsker om samansetninga i styret slik Tennfjord hadde.

Også supporterleiaren trur at det ekstraordinære styremøtet i slutten av april vil gå føre seg under langt meir rolege omstende.

– Det ligg ikkje noko dramatikk i denne innstillinga. Valkomiteen har gjort ein grundig jobb og eg trur ikkje det blir noko reprise frå sist.

– Mitt tips er at dei som kjem fem minutt for seint til årsmøtet vil gå glipp av det meste, avsluttar Lillebøe-Hansen.