Treig trafikk ved Fresviktunnelen

På Rv. 13 ved Fresviktunnelen mellom Odda og Kinsarvik i Ullensvang kommune går trafikken treigt, melder Vegtrafikksentralen. Årsaka er ein stor stein i vegbana. Entreprenør er på veg med maskin for å fjerna steinen.