Trafikkulukke i natt

Natt til søndag har vore prega av fleire oppdrag, fortel operasjonsleiar Per Algrøy i Vest Politidistrikt til NRK. Rundt kl. 03.00 var tre bilar og seks personar involvert i ei trafikkulukke i Damsgårdstunellen. Samtlege blei sendt til legevakta for ein sjekk. I Sætrevegen blei ein person stoppa kl. 04.00 mistenkt for køyring i alkoholpåverka tilstand.