Hopp til innhold

Kråkene ville ete «Ørnulf»

Den skadde havørnen låg an til å bli kråkemat, heilt til Torkjell Kjosås og Arvid Holt tok affære. – Det ser ut som at ørnen har vore i kamp, seier Kjosås.

Ørn og Arvid Holt

FEKK TAK I ØRNEN: Torkjell Kjosås og kameraten, Arvid Holt (biletet), starta ein redningsaksjon for den skadde ørnen på laurdag.

Foto: Torkjell Kjosås

På torsdag fortalde NRK om Torkjell Kjosås, som hadde oppdaga ein skadd hannørn frå stovevindauget sitt. Ørnen sat på eit skjær 500 meter ute i fjorden ved Norheimsund.

Skadd ørn i Hardanger

SKADD HANNØRN: Her sat den skadde havørnen på eit skjær utanfor Norheimsund i Hardanger medan ein kråkeflokk følgde interessert med.

Foto: Torkjell Kjosås

Rundt ørnen trippa ein stor flokk kråker, medan ørnemaken haldt seg i nærleiken.

Fredag ettermiddag gjorde Kjosås seg klar til å dra ut saman med ein tidlegare viltoppsynsmann for å fange hannørnen og levere den til veterinæren. Men på grunn av ei misforståing, vart redningsaksjonen utsett.

Saka i eigne hender

Kjosås, og kameraten Arvid Holt, tok då saka i eigne hender, og byrja på redningsaksjonen sjølv på laurdag.

– Vi redda ho i dag og det gjekk veldig fint, seier Kjosås på telefon laurdag ettermiddag.

Havørnen er tatt med til land og førebels plassert i eit stort laksebur.

– Då vi reiste ut til den, byrja den å springe ut på sjøen. Vi rodde i båt roleg etter ho, og så til slutt klarte vi å fange ho, forklarar Kjosås.

Skadd havørn

SKADD: Havørnen er skadd yttarst på venstre vengje.

Foto: Torkjell Kjosås

Skadd vengje

Klørne til havørnen er veldig farlege, men Kjosås klarte å ta ho i vengene og fekk eit snøre rundt beina og klørne.

– Dei klørne er nesten like svære som hendene mine, så det gjeld å vere forsiktig. Heldigvis gjekk det fint, og ho var veldig roleg etterpå, forklarar Kjosås.

Han fortel vidare at ørnen er skadd yttarst på venstre vengje.

– Det ser ut som at ho har vore i ein kamp, men skaden kan nok fiksast. Det er eg rimeleg trygg på, forklarar Kjosås.

– Vi får håpe det er andre ting

Viltkontakten i fylket har ansvaret for å overta skadd vilt. Dei skal i dag, måndag, ta den vidare til ein veterinær som skal få undersøkt kor skadd ørnen er.

– Dei skal då sjå om det er noko dei kan behandla. Om den har brekt vengja, er det lite å gjere for den. Vi får håpe det er andre ting, seier Kjosås.

Saknar maken

Måndag fortel Kjosås at det er tydleg at Ørnhild saknar maken sin Ørnulf.

– Ørnhild set no i lange periodar på skjæret og speidar etter Ørnulf, seier Kjosås.

Ørnhild saknar Ørnulf

HAVØRNPAR: Hoørnen sit i lange periodar på skjæret og speidar etter maken sin.

Foto: Torkjell Kjosås