Hopp til innhold

Fyrte av skot gjennom nøkkelhol – politiet sendte ut væpna styrkar

Væpna politistyrkar arresterte to menn etter at ein mann blei utsett for vald i Sandviken laurdag føremiddag.

Væpna aksjon i Sandviken

Ein mann i 30-åra skal ha blitt utsett for vald frå to personar. Begge er sett i varetekt, opplyser jourhavande jurst Ingrid Postvoll ved Vest politidistrikt.

– Det er gjort både med tanke på gjentakingsfare og fare for at bevis kan gå tapt.

To menn er førebels sikta for kroppsskade etter episoden i Sandviken.

– Det er for tidleg å gå ut med meir informasjon.

– Hevda han hadde blitt rana

Bergensavisen omtalte først at politiet gjennomførte ein væpna aksjon som førte til arrestasjonen av dei to mennene.

Det var den fornærma mannen som ringde naudnummeret, opplyser operasjonsleiar Bjarte Rebnord i politiet til NRK.

– Han hevda at han var blitt rana og skoten på. På bakgrunn av meldinga blei det sendt ganske betydelege væpna styrkar.

Fyrte av skot gjennom nøkkelhol

Politiet tok beslag i eit luftvåpen på ei adresse i Sandviken. Alle dei tre involverte er kjenningar av politiet og del av same type miljø.

Politiet melde først at den fornærma er skadd, men Rebnord seier at alle er uskadd.

– Det skal ha blitt fyrt av eit skot med gassvåpen gjennom eit kikhol i ei inngangsdør. Det er ingen som er skadd, men episoden er alvorleg nok. Dersom nokon hadde stått på innsida, kunne våpenet ha påført til dels alvorlege skader.

Den fornærma er teken med inn til avhøyr. Han vil melda saka til politiet.