To av tre nordmenn har endra vanar for å betre klimaet – éin av fire droppar flyreisa

– Heilt fantastisk, seier Framtiden i våre hender om fersk klimaundersøking.

Kildesortering

VANAR: Flest seier at dei har kjeldesortert meir det siste året av omsyn til klimaet. Langt færre har ete mindre raudt kjøt eller unngått å fly.

Foto: Oslo Ren

I dag publiserer Universitetet i Bergen ei stor klimaundersøking utført av Opinion. NRK har på førehand fått tilgang til resultata.

Mellom dei 1021 som er spurde, seier heile 65 prosent at dei har kjeldesortert meir det siste året av omsyn til klimaet.

– Dette er eit tiltak som har ein heilt openberr miljøgevinst. Men når det gjeld klimagassutslepp er ikkje kjeldesortering det som har den største effekten, påpeikar UiB-førsteamanuensis Endre Tvinnereim, som forskar på haldningar til miljø og klima.

Målet ved undersøkinga var å kartlegge om den norske befolkninga endrar vanane sine i kvardagen – eller er villige til det – som følgje av klimauro.

61 prosent seier dei i stor eller ganske stor grad er villige til å endre vanane sine generelt av omsyn til klimaet.

32 prosent er i liten grad villige til å legge om vanane sine.

Endre Tvinnereim, førsteamanuensis ved Universitetet i Bergen - forskar på miljøholdningar og miljøpolitikk

HALDNINGAR: Forskar Endre Tvinnereim meiner undersøkinga viser at det er vilje til endring for å kutte klimautslepp, men at det trengst større grep frå politikarar og næringsliv for at det skal monne.

Foto: Bergit Sønstebø Svendseid / NRK

Har endra vanar

NRK fortalde denne veka om matsvinnet i norsk landbruk. Enorme mengder fullt etande grønsaker, tomatar og kjøttprodukt når aldri butikkhyllene og forbrukarane.

Det er personar over 15 år som har svart på Opinion-undersøkinga.

Undersøkinga syner at mange er opptekne av å redusere matsvinnet. 64 prosent svarar at dei har kasta mindre mat det siste året.

Men tiltak som kan ha større klimagevinst, som å kutte ut raudt kjøt eller unngå reiser med fly, har færre gjort det siste året.

Færre droppar flyreisa

23 prosent seier dei bevisst har unngått å reise med fly. Tvinnereim synest ikkje det er eit lågt tal.

– Det er trass alt veldig mange i Noreg som ikkje flyr, då kan ikkje dei unngå å fly, påpeikar han.

At flest seier dei har gjort enkle grep som å kjeldesortere, kaste mindre mat og spart straum, meiner han syner at det også trengst strukturelle grep.

– Generelt viser denne undersøkinga ein bra vilje i befolkninga til å stø opp om klimatiltak. Men likevel at ein ikkje skal satsa på at folk skal ordna dette på eiga hand. Dei treng koordinert handling, og at styresmaktene og store bedrifter er med på dette.

Anja Bakken Riis i Fremtiden i våre hender (FIVH)

POSITIVT: Anja Bakken Riise i Framtiden i våre hender meiner tala er veldig gledelege, men ikkje overraskande.

Foto: FIVH

Biff, bil og bustad

Undersøkinga viser at folk er klare for større klimagrep, meiner Framtiden i våre hender.

– At seks av ti er villige til å endre vanane sine synst eg er heilt fantastisk, det viser klart og tydeleg at folk er villige og at dei ønsker å vera med på klimadugnaden. No er det berre opp til politikarane å bretta opp armane og setja i gang, seier leiar Anja Bakken Riise.

Ho meiner det er spesielt gledeleg at så mange freistar å kutte i eige matsvinn. Ho peikar likevel på at dei store kjeldene til utslepp i kvardagen vår er dei tre b-ane: bilen, biff og bustad.

– Det er ikkje så rart at det er vanskeleg for oss å endra på dei litt større tinga. Det er kanskje der vi må ofra meir. Men dersom politikarane, næringslivet og daglegvarekjedene spelar på lag med oss forbrukarar, så kan vi få til bra ting.