Hopp til innhold

Tiltalte: – Han sa han skulle drepe meg

30-åringen hadde invitert til fotballkamp og tv-spel. Kvelden enda med at han følte seg så redd at han stakk og drap Kai Albert Foss.

Drapsvåpen i Sotra-drapssak

DRAPSVÅPENET: To behaldarar med ein kniv i kvar er blant bevisa i rettssaka. Ei av dei to knivane skal vere drapsvåpenet.

Foto: Runa Victoria Engen / NRK

– Eg er sikker på at eg vart stukken i armen før det skjedde. Eg hadde berre frykt og tenkte berre på å kome meg vekk.

Det sa den tiltalte 30-åringen i Sotra-drapet i si forklaring i retten i dag. Han sette seg i vitneboksen for å forklara kva som hendte natt til 4. februar i år. I eit fatalt basketak på Brattholmen på Sotra vart 31 år gamle Kai Albert Foss stukken med kniv og drepen.

I si forklaring i retten i dag haldt tiltalte fast på det han heile tida har hevda; knivstikket han gav Foss i magen var i sjølvforsvar.

LES OG: Erkjenner ikkje straffskuld for drapet på Kai Albert | Hevda han handla i naudverje

Krangla med avdøde

Tiltalte forklarar i retten at han denne dagen stod opp seint som vanleg.

– Det var tre personar som skulle komme til meg for å sjå fotballkamp, men berre ein kom. Han var vel her i sekstida. Vi såg kamp, spelte tv-spel og hadde det koseleg, fortalde 30-åringen.

Rundt midnatt kom Foss til bustaden, og ifølgje tiltalte var stemninga framleis god. Seinare kjem sambuaren til Foss til bustaden, etter at Foss sjølv hadde reist frå staden.

Tiltalte fortel at kvinna fekk nokre tekstmeldingar frå avdøde om at han ikkje tykte det var greitt at ho var der.

Marianne Foss og Albert Martin Foss

FLØGJER SAKA: Foreldra Marianne og Albert Martin Foss viser fram bilete av sonen Kai Albert. Dei to følger rettssaka denne veka.

Foto: Siri Løken / NRK

– Ei lita stund etterpå kom han for å hente bilen. Han kom inn i bustaden og dei to hadde ein høglydt krangel.

«Eg skal kome og drepe deg»

Tiltalte forklarar at han sa ifrå om at Foss ikkje burde krangle med kjærasten sin. Då fekk han til svar at han ikkje skulle blande seg inn.

«Det skal ikkje du legge deg opp i. Eg skal kome og drepe deg», skal Foss ifølgje den tiltalte ha sagt.

Foss drog frå bustaden, og tiltalte seier han vart stressa.

– Eg gjekk på kjøkenet og henta ein kniv. Eg hadde tenkt å legge den i gangen men eg var så stressa at eg la den i bukselinningen.

Han fortel at han deretter gjekk ut. På oppkøyrselen utanfor er det glatt og tiltalte forklarar at han sklir mot Kai Albert.

«Stakk du meg no?»

– Vi deiser i kvarandre og går i bakken. Eg hamnar på ryggen og han over meg. Det vart litt bryting før eg kjenner eit skikkeleg dunk i armen. Det kjennast som eit hardt slag og eg ser at armen min er open og blodet fossar.

30-åringen forklarar at han vert livredd og fryktar eit nytt knivstikk når som helst. Kniven er hamna ute på vegen og den får tiltalte tak i.

Politi ved åstedet på Sotra

HER HENDTE DET: Her, utanfor tiltale sin bustad, skjedde det fatale basketaket. I retten skal ein prøve å finne ut kva som hendte då Kai Albert Foss vart knivstukken i ein krangel.

Foto: Espen Hatlestad/NRK

Tiltalte er ordknapp i forklaringa rundt slagsmålet som følgde. Han seier han stakk bakover og halvt i blinde.

– Eg stikk Kai Albert ein gong. Etterpå vart han heilt slapp. Han sa «stakk du meg no?» eller noko slikt. Eg krabba opp bakken og treff sambuaren til Kai Albert. Eg forklarte at eg berre forsvarte meg. Eg var i sjokk og veit ikkje kvar for ei rekkjefølgje ting hendte i.

Sår tvil om forklaringa

Kriminalteknikarar frå politiet har forklart seg tidlegare i dag. Dei har ikkje kunne slå fast kven som stakk først av dei to i basketaket.

Aktor og statsadvokat Eirik Stolt-Nielsen bruker mykje tid på å få fram at det har vore fleire usikre moment i forklaringa til tiltalte.

Mellom anna er han usikker på om den drepne var inne i leilegheita, kva som vart sagt i krangelen, kva som vart sagt i telefonen og på kva som hendte i sjølve slåstkampen.

30-åringen vert konfrontert med at vitne har høyrt han seie «ingen trugar meg i mitt eige hus».

– Det kan eg ikkje hugse. Det må eg ha sagt etterpå, i sjokk.

Prøvde å hjelpe kjærasten

På slutten av dagen vitna også sambuaren til drepne Kai Albert Foss. Ho forklarte at ho ikkje fekk med seg at det var noko basketak mellom dei to, men at då ho kom ut frå leilegheita låg Kai Albert på bakken.

Ho la sambuaren i stabilt sideleie og fekk hjelp av naboar.

– Eg forsøkte å halde liv i han, men han forsvann ganske fort.