Dersom tilståinga er sann, kan ho få innverknad på drapsdommen til Jarle Olsen, som sit fengsla for drapet, samt andre som er dømde for drapet.
La alle kort på bordet
For ei drøy veke sidan skal Tor Helge Flaten ifølgje Bergensavisen ha lagt alle korta på bordet i eit nytt avhøyr med politiet.
31-åringen som er dømd, men som tidlegare har nekta straffskuld, skal no ha vedgått at det var han som utførte drapet i april 2000.
Flaten skal ha fortalt at drapet ikkje var planlagd, men skjedde i affekt.
Fann drapsvåpenet
Han skal også ha fortald kor drapsvåpenet låg gøymd - eit våpen politiet no skal ha funne under eit kommelokk.
Jarle Olsen er dømd til 21 år i fengsel for Åsane-drapet.
Ein tredjeperson kan også visa seg å vera dømd på uriktig grunnlag, dersom tilståingane til Flaten er korrekte.
Flaten sin forsvarar, Oscar Ihlebæk, vil ikkje gje kommentar om dette til BA, men seier det har vore ei ny utvikling i saka.