Hopp til innhold

Tilhengar på 20 tonn hang i berre to skruar

Då tilhengaren på vogntoget kom til verkstaden, knakk to skruar av. – Livsfarleg, seier Statens vegvesen.

Kontroll av hengar

HANG I RUST: Slik såg dei rustne skuene ut.

Foto: Statens vegvesen

Ein lastebil med tilhengar som var på veg frå Ålesund til Stavanger vart stoppa på ein kveldskontroll på Bergen trafikkstasjon på Nyborg søndag.

Der oppdaga Statens vegvesen at berre fire at dei åtte skruane heldt svingkransen fast til tilhengaren.

Då den kom til verkstaden for å bli reparert fall to skruar til av. Desse såg ut til å ha vore knekt lenge, men vart haldne på plass av rust.

Difor var det berre to skruar igjen som heldt ein tilhengar på cirka 20 tonn på plass.

– Dette er livsfarleg. Det er utruleg bra at vi fekk tatt denne, seier Arve Tjønn Rinde, avdelingsdirektør ved Trafikk- og køyretøyavdelinga, Statens vegvesen Region Vest.

Sjeldant syn

På denne tida av året er det mykje salt som kan føre til slitasje, men Rinde seier at dette er eit uvanleg syn.

– Dette er første gong eg har registrert ei slik type hending i svingkransen her hos oss, så dette er sjeldan.

Sjåføren av lastebilen med tilhengaren fekk køyreforbod og hengaren vart frakta rett på verkstad.

Større fokus på hengarar

Statens vegvesen har hatt auka fokus på å sjekke tilhengarar etter at det oppstod lekkasje i ein tanktilhengar som losna frå bilen og køyrde inn i tunnelveggen i Skatestraumtunnelen i Sogn og Fjordane i 2015.

– Vi har sett ekstra fokus med hyppigare og grundigare kontrollar på tilhengarane. Det er nok eit resultat vi ser igjen i denne kontrollen, seier Rinde.

På kontrollen vart 143 køyretøy vinka innom, og 46 av desse vart kontrollert nærare.