Til sjukehus med luftambulanse

Ein 16 år gamal gut på lett motorsykkel kolliderte med eit rekkverk i Venjanesvegen i Fusa i dag tidleg. Han er frakta til Haukeland universitetssjukehus med luftambulanse. 16-åringen var bevisst, men kan ha indre blødingar, fortel politiet.