Hopp til innhold

Testar unikt antimobbe-prosjekt i barnehagar

Eit nytt forskingsprosjekt skal motverke mobbing allereie i barnehagane, håpar forskarar i Bergen.

barnehage02

LEIK: Emma Dorthe Mork Nygård (framme) og Sara Lyssand i Varhaug barnehage lærer at alle må vere med i leiken.

Foto: Oddgeir Øystese / NRK

– Det er ikkje lov å skubbe nokon, seier Maja Petrovic.

– Det er ikkje lov å bite, legg Sondre Døsen Dahl til.

I Varhaug barnehage i Os får alle vere med. Dei veit kva mobbing er.

– Må takast fatt i

Dette er ein av to barnehagar som det siste året har vore ein del av eit forskningsprosjekt. Personalet har fått opplæring i å identifisere og ta tak i mobbing mellom små barn.

– Hvis du spør: «Kan eg få vere med», og du får ikkje svar eller vert direkte utestengd, er det så øydeleggjande for eit barn at det bør takast fatt i, seier forskar Mona Elin Solberg ved Uni Research Helse.

Ho har jobba med kurs i dei to barnehagane, eit opplegg som opprinneleg vart utvikla i Sveits.

barnehage03

FORSKAR: Mona Elin Solberg ved Uni Research Helse har jobba tett på to barnehagar med antimobbing.

Foto: Oddgeir Øystese / NRK

Barna er med

– Det viktigaste er at vi har fullt ut erkjent at mobbing eksisterer, og det må vi jobbe med straks barna kjem i barnehagen, seier dagleg leiar Tone Fjeldstad i Varhaug barnehage.

– Vi sit oss ned med barna, lar dei setje ord på og reflektere rundt dette med mobbing, seier ho.

barnehage04

LEIAR: Tone Fjeldstad, dagleg leiar i Varhaug barnehage.

Foto: Oddgeir Øystese / NRK

Forskarane frå Bergen vonar no opplegget kan bli brukt i stor skala i Noreg. Det vil kunne gjere livet vidare lettare for mange, trur dei.

– Tankemønstre dei tar med seg inn i skulen om at dei ikkje er noko verd, at det er noko som er galt med dei, det er ikkje eit god utgangspunkt for å få vener, seier Solberg.

Viktor Rotvik-Sæther viser at barna har fått med seg essensen:

– Viss nokon ikkje får vere med i leiken og vert utestengd, kan vi faktisk seie det til ein vaksen.