NRK Meny
Normal

Tertnes klare for cupfinale

BERGEN (NRK): Handballjentene frå Tertnes vant 31–27 over Sola i semifinalen som blei spelt i Haukelandshallen onsdag kveld. Dermed er dei klare for sin tredje cupfinale.

Tertnes - Sola

FINALEKLARE: Tertnes var som venta sterkare enn Sola sine handballkvinner i semifinalen i cupen

Foto: John Vint

Gjestane frå Rogaland blei for svake i semifinalekampen.

Sola starta med å gå opp i leiinga 1-0, men det varte ikkje lenge. Etter fire minutt tok Tertnes over og haldt leiinga resten av kampen.

Sola beit seg likevel fast, og til pause var stillinga 15–13.

Tertnes - Sola

HEIMESEIER: Sola klarte ikkje å utlikne heimelaget si leiing

Foto: John Vint

Både Tertnes og Sola hadde fleire bomskot og tekniske feil. Sola hang etter gjennom heile kampen, men gav ikkje opp og låg aldri mange mål bak.

Spelar finale i romjula

Gjestane reduserte til 16-15 i byrjinga av 2. omgang, men det haldt ikkje lenge. Tertnes scora tre kjappe mål og gjekk snart opp i tydeleg leiing.

Kampen enda til slutt med 31-27 og heimeseier. Dermed skal Tertnes spele cupfinale i Spektrum 29. desember.

Tertnesjentene møter vinnaren mellom Larvik og Vipers Kristiansand, som speler den andre semifinalen seinare onsdag kveld.

Dette blir er Tertnes sin tredje NM-finale. Laget tapte for Larvik i 2013 og for Nordstrand i 2001/02-sesongen.

Siste video

Programleder er Mariann Reikerås
.....på kaien ventet familien.