Teknisk trøbbel for Bybanen

Ei bybanevogn fekk tekniske problem ved Florida bybanestopp onsdag ettermiddag. Det førte til noko venting og kø for passasjerane. Vogna er på veg inn til depot. – Det er noko mindre forseinkingar no, men dei blir henta inn igjen ganske raskt. Alle banar går igjen, opplyser pressevakta i selskapet Keolis.