Emil Gadolin frå Arbeidarpartiet er leiar for opplæringsutvalet i Hordaland fylkeskommune. Han er sterkt imot ei ny utviding av talet på privatskuleplassar. Det er også fylkesrådmannen og opplæringsdirektøren.
Bergen har om lag 2200 skuleplassar på private skular. Prosentvis er det ingen andre av dei norske storbyane som har fleire. Ifølgje regjeringa går Hordaland i 2018 glipp av 140 millionar kroner grunna det høge talet på privatskuleelevar i Bergen.
Torsdag tar fylkesutvalet stilling til om dei vil gje tommelen opp for 146 nye privatskuleplassar ved den katolske skulen St. Paul Gymnas i Bergen.
Frå før har opplæringsutvalet sagt ja. Deretter avgjer Utdanningsdirektoratet saka.
Eit ferskt notat frå fylkesrådmannen viser at fylkeskommunen taper 14,3 millionar kroner årleg dersom desse 146 friskuleplassane vert fylt opp.
– Då får vi mindre pengar til å halda oppe tilbodet på dei offentlege skulane. Det er konsekvensen av privatisering av den vidaregåande skulen, seier Gadolin.
Klarer ikkje å dekka tapet
Opplæringsdirektøren i Hordaland, Svein Heggheim, er einig. For sjølv om talet på elevar fylkeskommunen skal gje eit tilbod til går ned, viser utrekningane at det vert vanskeleg å dekka tapet i innsparingar i den offentlege skulen.
LES OGSÅ:
– Vi skal jo halda oppe eit tilbod. Plassane som forsvinn vil fordela seg over fleire skular. Når vi får ein elev mindre her og ein elev mindre der, sparar vi ikkje inn klassar, forklarar Heggheim.
Fylkeskommunen reknar med å kunna dekka inn berre tre av dei vel 14 millionane dei misser.
– Kunne vi tatt ut fem heile klassar hadde verknaden blitt mindre dramatisk, seier Heggheim.
– Venstresida er allergiske
Opplæringsdirektøren er tydeleg på at det er ein klar samanheng mellom talet på privatskuleelevar og at fylkeskommunen dei siste åra har måtta legga ned offentlege skular.
Dan Femoen frå Høgre støttar forslaget om å oppretta fleire private skuleplassar. Likevel har han stått på barrikadane for å berga offentlege skular som no nedlagde Bergen handelsgymnasium og Fana gymnas.
Tala som viser at fylkeskommunen går på store tap får ikkje høgrepolitikaren til å skifta meining.
– Viss ikkje administrasjonen klarer å få til gode løysingar, så må vi som politikarar ta ansvar og ta styringa på korleis vi vil at dette tilbodet skal vera. Det viktigaste er at vi har eit tilbod som elevane ønsker, seier han.
Femoen meiner venstresida i politikken er allergiske mot private skuleplassar.
– Det syns eg er trist, for vi treng eit alternativ for mange elevar, meiner han.