Kristeleg Folkeparti braut tysdag med samarbeidspartia i fylkespolitikken og sikra fleirtal for å auka talet på privatskuleplassar i Bergen.
Stikk i strid med tilrådinga frå fylkesadministrasjonen, gjekk fleirtalet inn for at den katolske friskulen St. Paul skal få idrettsfaglinje med 146 nye plassar til vidaregåandeelevar.
– Me er glade for at det ser ut til å verta fleirtal for søknaden vår, seier rektor Petter Gjessing.
– Det er godt at elevane som går på St. Pauls får meir å velja i, og det er også positivt for det alternativet denne friskulen tilbyr, seier KrFs Tor André Ljosland.
Har flest privatskuleelevar i landet
Men vedtaket kan få fylgjer for dei andre skulane i fylket. Vedtaket betyr at fylkeskommunen truleg misser 14,3 millionar i inntekter. Det gir fare for at fleire offentlege skuleplassar vil forsvinna.
I Bergen går fleire enn 2000 elevar i den vidaregåande skulen på ein privat skule. Dermed er byen den av dei norske storbyane som har prosentvis flest privatskuleelevar.
Det høge talet på privatskuleplassar har allereie ført til fleire skulenedleggingar dei siste åra.
- Les også: |
Opplæringsdirektør Svein Heggheim og fylkesrådmannen oppmoda politikarane til å gå imot framlegget. Det inneber ei auke på 18 plassar på studieførebuande, 32 plassar på påbygg til generell studiekompetanse, og 96 plassar på idrettsfag ved St. Paul.
– Vil ha negativ effekt på offentlege skular
«Fylkesrådmannen meiner at det i Bergen kommune og spesielt i Bergen sentrum er tilstrekkeleg med private skuleplassar innan dei studieførebuande utdanningsprogramma», skriv dei, og slår fast:
«Ei kvar utviding av tilbodet vil ha negativ effekt på den offentlege tilbodsstrukturen i Bergen kommune».
Senterpartiet følgde oppfordringa frå administrasjonen.
– Ein auke på St. Paul kan få negative fylgjer for offentlege skular i Hordaland. Difor ynskte ikkje me å gje tommelen opp for denne søknaden, seier nestleiar i opplæringsutvalet, Alexander Fosse Andersen (Sp).
– Negative til alt som har med privatskular å gjera
Andersen er kritisk til at KrF går i mot faglege råd, og sikrar opposisjonen det han meiner er ein ideologisk siger.
Dan Femoen og Høgre stemte for auka på St. Paul, og skuldar i staden venstresida for å ri ideologiske kjepphestar.
– Dette handlar om at dei er negative til alt som har med private skular å gjera, meiner Femoen.
Høgre trur ikkje dei 146 nye skuleplassane vil gå utover det offentlege tilbodet, og meiner som KrF det er uproblematisk å gå imot den faglege tilrådinga.
– Friskular skal vera eit supplement til den offentlege skulen, og dette er nettopp det, seier Tor André Ljosland.
Saka skal no vidare til fylkesutvalet, før ho skal til endeleg avgjerd i Utdanningsdirektoratet.