Med kamera på hjelmen og direktesendar på ryggen, sykla NRK-medarbeidar Petter Goga frå Bergen lufthamn, Flesland til Åsane. Frå Petter sette seg på sykkelen ved flyplassen i sør til han sto parkert ved Ikea i nord, gjekk det ein time og 30 minutt. Nedst i saka kan du sjå klipp av turen gjennom sentrum.
Ei reisevaneundersøking syner at færre bergensarar nyttar sykkelen når dei skal ta seg frå heimen til jobb og tilbake. Kvifor er det slik? Fylkesordførar Tom Christer Nilsen meiner det er fordi det er satsa for lite på eigne sykkeltrasear.
– Det kan sjå ut som vi manglar samanhengande sykkeltrasear. Det starta vi på i fjor, då vi tredobla denne satsinga. No kjem ein bit for bit til å byggje ny infrastruktur for syklande, sa Nilsen då undersøkinga vart lagt fram.
Sykla over 30 kilometer
Petter tok seg fram på nye sykkelvegar i Fana, gjennom eit noko kronglete sentrum og vidare til Åsane via smale vegar på Eidsvågneset.
Turen er kring 32 kilometer lang og det var strålande forhold for Petter. Blå himmel og tørr asfalt og Petter sjølv seier turen var kjekk.
- Eg prøvde stort sett å halde meg på sykkelstiane, men det vart litt arbeid her og der.
- LES OGSÅ: | |
- Men ingen uhell, og alt er i orden. Det er berre å kome seg ut på sykkel folkens!