NRK Meny
Normal

Skader for minst tre millionar etter ekstremvêr på Flesland

Flaum, store hagl og lynnedslag råka flyplassen i Bergen laurdag. Skadene etter ekstremvêret vil koste minst tre millionar kroner.

Uvær Flesland
Foto: Anders Dale

Aslak Sverdrup

DYRT: Lufthamndirektør Aslak Sverdrup fortel at reparasjonskostnadane er høge.

Foto: Avinor
Takplater Flesland vannskader

LEKKASJE: Vatnet fossa inn på Flesland.

Foto: 03030-tipser
Bergen lufthavn Flesland

USIKRE PÅ TOTAL KOSTNAD: Det er framleis usikker kva dei totale kostnadane etter uvêret vil bli.

Foto: Runa Victoria Engen

Dei tre millionar kronene dekker kun skadene på bygningane. Kva det vil koste å reparere dei tekniske skadene etter uvêret er framleis usikkert, og vil kome på toppen av dei tre millionane.

Til samanlikning var kostnadane etter uvêret rundt 3,5 millionar kroner på heile Vestlandet, ifølgje forsikringsselskapa.

– Det er høge reperasjonskostnadar, seier lufthamndiretkør, Aslak Sverdrup.

Hagl tetta sluka

Det var laurdag kveld at vêrgudane viste krefter på flyplassen. Tårnet blei truffe av lyn, det hagla store hagl og vatnet flomma inn på flyplassen.

– Vi har sett på grunnen til at det skjedde. Det store haglet som kom først tetta silar og sluk i avrenning frå taket, og når det blei fulgt opp av regn som var så kraftig at ingen av dei tilsette på flyplassen har sett noko liknande før, så fylte taket seg opp og vatnet rann inn i bygga, fortel Sverdrup.

I to av bygga tetta haglet avløpa slik at dreneringa av bygga ikkje fungerte.

– Aldri sett slikt vêr

– Haglet var to centimeter i diameter. Eg har aldri sett sånt vêr før. Det var veldig heftig, fortel Sverdrup.

Både tak, veggar, golv og elektrisk utstyr må reparerast. Parketten har tatt inn vatn og bular opp frå golvet.

– Vi fryktar også at noko av dei elektriske utstyret vil få seinskader, men primært vil dei store summane gå med på golv, tak og veggar, fortel Sverdrup.

Usikker kva lynnedslaget vil koste

På toppen av hagl og regn, slo også lynet ned i tårnet på flyplassen.

– Der fekk vi skader på instrument som tilhøyrer flynavigasjon. Dei tekniske skadene der veit vi førebels ikkje kva vil koste, frotel Sverdrup.

Forsikringsselskapet vil i dag kome for å sjå på skadene.

– Dette vil vere ei sak mellom oss og forsikringsselskapet, så det er litt tidleg å seie kva dette vil bety for økonomien til flyplassen, seier Sverdrup.

Måtte evakuere

Lynnedslag vannskader Flesland

VÅTT: Slik såg det ut på Flesland laurdag.

Lufthamndirektøren sat heime og åt middag med borna då vêret tok laust.

– Vi talde sekunda mellom lynet og tordenen for å rekne ut kor langt vekke det var. Eg sa at no kjem det sikkert ein telefon frå jobb snart, for det passa så godt med avstanden, fortel Sverdrup.

Han fekk rett. Lufthamndirektøren var på staden medan det heile skjedde. Mellom anna gjekk brannalarmen og heile flyplassen måtte evakuerast.

– Det var heldigvis lite mennesker som skulle reise. Det føregjekk kontrollert, men det var litt heftig og evakurere folk ut i uvêret. Heldigvis hadde vi berre to forseinkinga som følgje av uvêret, fortel Sverdrup.

Ikkje problem for reisande

Bygningen er i bruk, og dei fleste skadene vil ikkje reisande merke noko til. Ein kan likevel sjå at det har blitt sagd nokre hol for å skape god utlufting.

– Det krev ein del å få bygga tilbake slik den skal vere. Mykje av arbeidet må gjerast når det er lite folk på nattestid, som også er med på å dra opp kostnadane av reperasjonane, fortel Sverdrup.

Om du skal ut å reise dei neste dagane vil ikkje skadene påverka reisa di, og trafikken går heilt som normalt på flyplassen i Bergen.

– Nokre av dei elektroniske systema har fått feil på seg, men vi har fått opp alternativ løysingar som fungerer, fortel Sverdrup.

Siste video

Vestlandsrevyen, 22.09.2017.
Torsdag var det hviledag i VM, og bergenserne fikk teste VM-løypene.
Slik såg det ut i VM-løypene dagen etter temporittet opp Fløyen.