Hopp til innhold

Storbritannia når ikkje Sellafield-mål

Storbritannia ser ikkje ut til å nå målet om å tømma Sellafield-anlegget innan fristen i 2020. Om berre éin prosent av det radioaktive avfallet slepp ut, vil resultatet for Noreg vera sju gongar verre enn Tsjernobyl-ulukka.

Sellafield-anlegget

FRYKT FOR UTSLEPP: Tømminga av anlegget i Sellafield er forsinka.

Foto: REUTERS/David Moir

Tom-Christer Nilsen

BER REGJERINGA ENGASJERE SEG: Avtroppande fylkesordførar Tom-Christer Nilsen i Hordaland er uroleg for situasjonen.

Foto: Britt Kristin Ese / NRK

Avtroppande fylkesordførar i Hordaland og president i Nordsjøkommisjonen, Tom-Christer Nilsen (H), ber no si eiga regjering om å ta eit nytt initiativ overfor Storbritannia om Sellafield-anlegget.

– Tida er inne for at den norske regjeringa engasjerer seg. Utanriksministeren bør følgje opp det arbeidet han gjorde som miljøvernminister for nokre år sidan, ved å ta kontakt med kollegaen sin i Storbritannia, seier Nilsen.

Det var mykje støy ein stund, men no er ho gøymt og gløymt.

Aud Karin Oen, SV

– Ei gløymd sak

Det er eit notat laga av Hordaland fylkeskommune som uttrykkjer uro for at Storbritannia ikkje er i rute med framdriftsplanen for å tømma anlegget for radioaktivt avfall, og at kutt i statsbudsjettet gjer at målet om nullutslepp ikkje vert nådd innan 2020, slik britane har forplikta seg til.

Notatet er laga på oppfordring frå Aud Karin Oen (SV). Ho meiner det har vore alt for lite merksemd om Sellafield-anlegget dei siste åra.

Aud Karin Oen

– ER BLITT EI IKKE-SAK: Aud Karin Oen frå SV meiner Sellafield-saka er i ferd med å bli gløymd.

Foto: Kai Svellingen-Flatekvål

– Denne saka er blitt ei ikkje-sak. Det er ingen som snakkar om ho. Det var mykje støy ein stund, men no er ho gøymt og gløymt, seier Oen.

Regjeringa: – Uheldig

Utanriksdepartementet ønksjer ikkje å kommentera saka, og viser til Klima- og miljødepartementet.

– Det er uheldig at arbeidet med å rydde opp på anlegget er forseinka, seier statssekretær i Klima- og miljødepartementet Lars Andreas Lunde (H).

Han seier regjeringa ikkje har sett behov for å løfta saka opp på politisk nivå. Heller ikkje etter oppmodinga frå Hordaland.

– Det har ikkje så langt vore behov for å ta dette særskilt på politiske nivå, fordi det har vore ein veldig god dialog på embetsmannsnivå. Seinast i mars sa vi ifrå om at vi ventar at avviklinga skjer så snart som mogeleg, seier Lunde.

– Nordsjøen er matfatet vårt

Ifølgje britisk riksrevisjon vil det kosta over 600 milliardar kroner å få tømt anlegget.

21 tankar med radioaktivt avfall skulle vore tømt innan 2015. Dette arbeidet er no utsett. Tidlegare fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg er uroleg over at tidsskjemaet ser ut til å sprekka.

Fylkesordfører Torill Selsvold Nyborg.

– DET MÅ STILLAST KRAV: Tidlegare fylkesordførar Torill Selsvold-Nyborg vitja Sellafield i 2011.

Foto: Ketil Jordan / NRK

– Det er urovekkjande. Det må stillast krav om at dette må rettast opp. Nordsjøen er matfatet vårt. Vi kan ikkje risikere at dette går inn i næringskjeda, seier Selsvold Nyborg.

I 2009 slo ein rapport frå Statens strålevern fast at om berre ein prosent av det radioaktive avfallet slepp ut vil konsekvensen i Noreg vera sju gongar meir alvorleg enn etter Tsjernobyl-ulukka.

Hordaland og Rogaland

Hordaland og Rogaland vil bli hardast råka ved eventuelle utslepp etter ulukker ved anlegget.

Magasinet The Ecologist publiserte i fjor bilete som viser at delar av anlegget er i dårleg forfatning.

– Denne saka uroar meg sterkt. Vi har vore inne i ei positiv utvikling der aktiviteten i Sellafield skulle sikrast. Dette kan vi ikkje lengre føle oss trygge på, seier avtroppande fylkesordførar Tom-Christer Nilsen.

Sellafield