NRK Meny
Normal

Stolen Dachau-port funnen i Bergen

«Arbeit macht frei»-porten som vart stolen frå konsentrasjonsleiren Dachau i Tyskland i november 2014, har dukka opp i Bergen.

Dachau-leiren utanfor München.

HISTORISK PORT: Ein port med teksten «Arbeit macht Frei» er sett opp på inngangsporten til Dachau-leiren, etter at originalen vart stolen.

Foto: CHRISTOF STACHE / Afp

– Vi veit at porten med skiltet vart stolen for to eller tre år sidan. Porten er i OK stand, og vil bli levert til tyske styresmakter snarast mogleg, seier kommunikasjonsrådgivar Margrethe Myrmehl Gudbrandsen i Vest politidistrikt til NRK.

Porten er funnen i Ytre Arna i Bergen.

Dachau-leiren like utanfor den sørtyske storbyen München var ein av dei første konsentrasjonsleirane i Tyskland.

Minst 41.000 jødar vart drepne i leiren i løpet av andre verdskrigen.

«Arbeit macht Frei»-skiltet s

FUNNE: Dette er skiltet som vart borte i november 2014. No er det funne att i Bergen.

Foto: POLITIET

Tips til politiet

Politiadvokat Kari Trones fortel at porten vart funnen etter eit tips til politiet.

– Basert på tipset vart porten funnen på Gaupås i Arna bydel. Ingen er mistenkt eller arrestert i saka. Funnet vil bli etterforska av Vest politidistrikt, medan tjuveriet blir etterforska i Tyskland, seier ho til NRK.

Politiadvokat Kari Trones

TIPS: Politiet i Bergen fekk eit anonymt tips, som førte til at dei fann den spesielle porten, fortel politiadvokat Kari Trones.

Foto: NRK

– VI veit at dette er eit viktig monument frå krigen for Tyskland, så det er godt at det har kome til rette, legg ho til.

Plassert ved hovudinngangen

Porten som er to meter høg og ein meter brei, var plassert ved hovudinngangen til den tidlegare konsentrasjonsleiren. Ifølgje politiet er porten om lag 100 kilo tung.

Opphavleg var leiren, som var operativ frå 1933, etablert for å huse folk som det tyske nazi-regimet rekna som farlege politiske motstandarar.

Tjuveriet fekk stor merksemd, og Angela Merkel skildra hendinga som «forferdeleg».

Laster kart, vennligst vent...

I YTRE ARNA: Porten blei funnen på ein parkeringsplass ved skytebanen i Ytre Arna i Bergen. NRK har i kveld vore på staden.

«Arbeid gjer deg fri»

Teksten «Arbeit macht frei», arbeid gjer deg fri, heng også over hovudporten til Auschwitz-Birkenau-leiren i Polen.

Det skiltet vart stole i 2009, og den svenske nynazisten Anders Högström vart dømt til to og eit halvt års fengsel for dette tjuveriet.

Politiet i Bergen vil ikkje seie så mykje om saka, men fortel at den stolne porten er i god stand.

Takkar politiet

Direktøren for minnesmerket ved Dachau-leiren takkar politiet i Bergen for innsatsen.

– Sjølv om vi ikkje kjenner motivasjonen bak denne hårreisande hendinga, vil eg på vegner av overlevande og Dachau-minnesmerket seie takk for den omfattande etterforskinga som er gjort av tysk og norsk politi, seier Gabriele Hammermann, direktør for minnesmerket ved Dachau i ei pressemelding.

Porten, som vart bygd i 1936, blir rekna som eit nøkkelsymbol for dei enorme lidingane til dei innsette i konsentrasjonsleiren.

To mistenkjelege menn

Tjuveriet av porten skjedde natt til 2. november 2013. Det tyske nyheitsbyrået DPA melder at to mistenkjelege menn vart observerte i området denne natta. Eitt av vitna fortel om ein mann i ein bil med frontlyktene avslåtte, som spurde om vegen til konsentrasjonsleiren.

Mannen snakka tysk med skandinavisk aksent, har vitnet fortalt.

Siste video

Vi flyttet studioet vårt ned til sentrum i anledning sykkel-VM
Opp mot 15.000 publikummere fant veien til Fløyen i Bergen under dagens temporitt.
Flere overnattet på fjellet for å holde av de beste plassene.