NRK Meny
Normal

Vogntoghengar velta og skapte kaos på Sotrabrua

Ein velta vogntoghengar skapte enorme køar då det velta i vinden og sperra all trafikk over Sotrabrua i litt over to timar i morgonrushet.

Velta vogntog sperrar Sotrabrua

TATT AV VINDEN: Det er lange køar etter at kraftig vind førte til at hengaren på eit 19 meter langt vogntog velta på Sotrabrua mellom Bergen og Fjell kommunar.

Foto: 03030-TIPSAR

Det er no rydda på staden og fri ferdsel i begge retningar, melder politiet.

Sotrabrua er i praksis einaste moglegheit for alle bilistane å komma seg mellom Bergen og Sotra-kommunane. Svært mange jobbpendlarar bur i kommunane Fjell, Sund og Øygarden.

Men etter uhellet var det særleg køar i køyreretninga frå Bergen til Sotra.

– Det er køar forbi Drotningsvik og innover mot Lyderhorntunnelen, der det er få moglegheiter til å snu. På Sotra-sida er det mindre kø. Det ser ut som folk der har klart å snu, sa trafikkoperatør i Statens vegvesen Heidi Hauge Rasmussen i 10-tida.

Sjåføren av vogntoget blei først fråteken førarkortet etter hendinga. Etter ei ny vurdering frå politiet fekk han det tilbake igjen kort tid etter.

Isopor

Det var den bakre av to tilhengarar på eit 19 meter langt vogntog lasta med isopor som velta på riksveg 555 Sotrabrua om lag klokka 08.40.

Politiet fekk melding om uhellet 08.44.

Trailer veltet på Sotrabroen

ISOPOR: Hengaren full av isopor velta i vinden på Sotrabrua klokka 08.40 onsdag.

Foto: 03030-tipser

– Hengaren velta over i motsett køyrefelt og sperrar heile vegbana, opplyste operasjonsleiar Arve Samsonsen i Vest politidistrikt.

36.500 utan helseberedskap

Ordførar Marianne Bjorøy (Ap) seier Fjell kommune i føremiddag har prøvd å finna ut av alternative måtar å bringa folk til fastlandet om alvorlege helseproblem eller ein krisesituasjon skulle oppstå.

– Me har hatt ulykker der trafikken har vore svært saktegåande, men dette er verre. Det bur 36.500 menneske her ute som no er utan helseberedskap. Dette viser kor sårbare me er, seier ho til BT.

– Uhellet skjedde på grunn av kraftig vind. Dette er jo problemet med Sotrabrua. At det er frustrerande, seier seg sjølv, seier ein representant for transportfirmaet Langeland til BA.

Ifølge Statens vegvesen sin vêrstasjon bles det då ulukka skjedde sterk kuling, om lag 18 meter per sekund på Sotrabrua, men det er meldt minkande til bris i føremiddag.

Som tysdag er det også onsdag sendt ut OBS-varsel for elleve fylke i Sør-Noreg.

Viktig pendlarbru

Det skal ikkje ha vore personskadar i samband med uhellet.

Kø etter velt på Sotrabrua

OPPRYDDING: Det kan ta opptil tre timar å opna Sotrabrua etter vogntog-velten, ifølge mannskapa på staden.

Foto: David Eddie

– Tilhengaren ligg kilt fast midt på brua, seier Rasmussen.

Politiet melder klokka 10.30 at det ser ut til å vera lite skade på vegbana og rekkverka som følge av velten.

Det går ei lita ferje mellom Hjellestad og Klokkarvik, men den har liten kapasitet i høve til alle som på veg til og frå jobb køyrer over Sotrabrua mellom kommunane Bergen og Fjell.

Laster kart, vennligst vent...

STOPPAR PENDLARTRAFIKKEN: Sotrabrua er svært viktig for pendlarar mellom Bergen og kommunane Fjell, Sund og Øygarden.

Siste video

Aune og Vebjørn Sand med lågterskel kunstutstilling i Bergen.
Programleder er Mariann Reikerås.