Hopp til innhold

Fange utløyste redningsaksjon

I timevis leita store mannskap etter ein sakna båtførar i 40-åra utan å finne spor. Mannen, som viste seg å vera ein fange, vart funnen i god behald tysdag morgon.

Redningsaksjon i Hjeltefjorden

Mannen vart meldt sakna måndag kveld, då han ikkje kom tilbake frå ein båttur til avtalt tid.

Store ressursar vart sett inn i søket etter mannen, som ikkje vart funnen før tysdag morgon, i området utanfor Fedje.

Politiet skriv i ei pressemelding at den mannen bur i ein institusjon under kriminalomsorga, og dei vil undersøka omstenda rundt forsvinninga nærare.

Mannen er returnert til institusjonen.

Regiondirektør Per Sigurd Våge i Kriminalomsorgen understrekar til BA at mannen er prøvelauslaten.

– Han bur på ein institusjon etter lauslating. Opplegget og rammene rundt han er organisert, akseptert og godkjent av oss, seier Våge til avisa.

Ser på det som ein redningsaksjon

Kriminalomsorgen ser framleis på aksjonen som ein redningsaksjon.

– Det er bra at han er komen til rette. Når det gjeld kva som har skjedd og spørsmål om konsekvensar, så får me ta det når me får snakka med han i løpet av dagen eller morgondagen, seier Våge til avisa.

To redningsskøyter, ein brannbåt og eit kystvaktskip deltok i søket. I tillegg eit redningshelikopter og varmesøkjande kamera. Politiet utførte også søk langs land.

Fekk motorstopp

I natt har søket gått føre seg i området Litlesotra og nordover til Karlsøyna. Tidleg tysdag morgon utvida ein leiteområdet nordover mot Fedje. Mannen blei funne innanfor søksområdet.

Båtføraren sette ut frå Vindenes på Sotra tidlegare måndag kveld.

– Han var ute i ein 20-fots fritidsbåt som fekk motorstopp. Vedkomande henta difor ein lettbåt for å få taua båten sin til land. Det var det siste nokon høyrde frå han, seier redningsleiar Ståle Jamtli ved Hovudredningssentralen i Sør-Norge til Bergens Tidende.

Vêrforholda i området har vore gode gjennom heile natta. Han var ute i ei mindre, kvit snekke med blå kalesje.