I neste veke skal Sund kommunestyre ta stilling til om dei skal slå seg saman med kommunane Fjell og Øygarden.
No ber dei innbyggjarane seie meininga si via SMS.
Håpar på mange tekstmeldingar
Det er ordføraren i Sund, Albrigt Sangolt, som lanserer den noko uvanlege formen for demokrati.
- Eg håpar fleire vil engasjere seg i spørsmålet om samanslåing når dei kan sende ei tekstmelding til kommunen, seier Sangolt.
Tysdag om ei veke skal kommunestyret i Sund avgjere om dei skal slå seg saman med nabokommunane.