Hopp til innhold

Slik vil Arbeidarpartiet erstatte Herstad

STORD (NRK): Etter at den populære Stord-ordføraren Harry Herstad (Ap) døydde brått, har Arbeidarpartiet hatt vanskeleg for å avgjere kven dei vil skal ta over ordførarkjeda. Måndag må dei bestemme seg.

Jakob Bjelland

FUNGERANDE ORDFØRAR: Jakob Bjelland (Sp) er no fungerande ordførar i Stord kommune, etter at Harry Herstad (Ap) gjekk bort. No skal Arbeidarpartiet bestemme kven som skal ta over ordførarkontoret.

Foto: Mette Anthun / NRK

– Det har vore ein spesiell situasjon for alle. Vi ville verken snakke om det eller tenke på det, men så visste vi inst inne at vi var nøydde, seier leiar i Stord Arbeidarparti, Henny Førland Berger.

Måndag vert det klart kven Arbeidarpartiet vil skal overta etter Harry Herstad, som døydde 2. mai etter kort tids sjukeleie.

16. mai lanserte partiet to kandidatar som var aktuelle til å ta over ordførarkjeda; Lene Pilskog og Gaute Straume Epland. To veker seinare vart Lene Pilskog innstilt som kandidat.

– Dei var jamne og gode kandidatar, og det vart vanskeleg å bestemme seg, seier Berger.

Ho fortel råd frå sentrale hald i partiet om å innstille på éin kandidat, gjorde at dei likevel valde Pilskog.

– I skuggen av Herstad

Koalisjonen har avtale om at Arbeidarpartiet skal ha ordføraren på Stord. Men ansvarleg redaktør i avisa Sunnhordland, Magne Kydland, meiner begge Ap-kandidatane er for lite kjende for folk.

– Avtalen vart underskriven under heilt andre føresetnader enn i dag. Vi har difor stilt spørsmål ved om den bør revurderast. Folk der ute kjenner ikkje så godt dei to kandidatane, som har levd i skuggen av Harry Herstad. Då vert det rart at ein av dei plutseleg skal vere ordførar, seier Kydland.

Ordførar Harry Herstad i Stord kommune

POPULÆR: Harry Herstad (Ap), som døydde 2. mai, var ein populær ordførar på Stord.

Foto: Marius Knutsen / Sunnhordland

Lene Pilskog innrømmer at ho vart overraska over innstillinga, som vart gjort med eit knapt fleirtal.

– Eg synest dei har tatt eit modig val, med tanke på at eg ikkje er så kjend, seier Pilskog.

Det er venta at den andre kandidaten, Gaute Straume Epland, vil bli fremja som eit benkeforslag når Arbeidarpartiet har medlemsmøte måndag kveld.

– Det er tydeleg sterke krefter i partiet som ønskjer han som ordførar, meiner Kydland.

Støttar Arbeidarpartiet

Varaordførar Jakob Bjelland (Sp), som no er fungerande ordførar, seier koalisjonen går god for begge kandidatane.

– Klart hadde det vore enklare for alle partar om det var éin klar kandidat frå starten av, men vi har respekt for prosessen som skjer i Arbeidarpartiet. Det er arbeidsmåten framover vi no er nøydd til å få avklart, seier Bjelland.

Kydland i avisa Sunnhordland meiner det kan bli spanande tider for politikken på Stord framover, uansett kva som blir utfallet på Arbeidarpartiet sitt medlemsmøte måndag.

– I det endelege kommunestyremøtet kan det koma benkeforslag. Då kan det vere at nokon ønsker at den fungerande ordføraren, Bjelland, skal fortsetje som ordførar. Då kan kva som helst skje.

Kven som vert ny ordførar vert endeleg avgjort i kommunestyret 22. juni.