Hopp til innhold

Dette ventar verdas beste syklistar i 2017

I 2017 kjem toppsyklistane i verda til Bergen for VM i sykling. Sjå video frå då U23-bronsevinnar Kristoffer Skjerping og Stian Remme sykla løypa.

Goga, Skjerping, Remme

SYKLA VM-LØYPA: Petter Goga, U23-bronsevinnar Kristoffer Skjerping og Stian Remme sykla måndag VM-løypa proffsyklistane skal bryne seg på under sykkel-VM i 2017. Følg løypa frå sykkelsetet her.

– Dette blir tidenes VM, spesielt turen gjennom Sotra er jo så flott. Eg er supermotivert, sa Kristoffer Skjerping i mål på Festplassen i Bergen.

Bergen og Noreg får sykkel -VM i 2017, og verdas beste syklistar skal sykle løypa gjennom Askøy, Fjell og Øygarden, før dei går mot mål forbi verdsarva Bryggen i Bergen.

At Bergen fekk sykkel-VM seier Skjerping var det som gav han motivasjonen han trengde til å ta bronsemedalje i helga. Turen var ei god førebuing for 2017.

– Løypa er ikkje spesielt hard, sa Skjerping etter turen.

Med på turen var òg Stian Remme som i helga la proffsyklist-karriere bak seg, og kjem til å følgje VM i 2017 frå sidelinja.

Todelt løype

Kamera på sykkel

FLEIRKAMERAPRODUKSJON: Med eit kamera på hjelmen, eit på styret, og eit på bakhjulet fekk Petter Goga testa fleirkameraproduksjon frå sykkelsetet.

Foto: NRK

VM-løypa er delt i to, herreklassen syklar fyrst ut på Sotra via gamle vegen om Loddefjord/Laksevåg, vidare på gamlevegen til Fjell og så rundt på vestsida av Sotra til Ågotnes, før løypa går vidare til Kolltveit.

Syklistane skal så følgje hovudvegen inn til Loddefjord mot Puddefjordsbrua, der andre del av løypa startar. Del to er ei rundløype syklistane skal sykle 11 gonger.

Denne løypa går frå Michael Krohnsgate til Løbergsveien, via Minde, til Landås, Montana og Kalfaret, før dei skal legge kursen mot Kong Oscars gate, Øvregaten, Bontelabo, og til sist gå mot mål forbi Bryggen og inn mot Festplassen i Bergen.

Fleikameraproduksjon på sykkel

Sykkelstreaming

STYRTE STREAM: Frå sykkelen styrte Petter Goga streamingen av sykkelløypa syklistane skal bruke for å konkurrere om VM-gull.

Foto: NRK

Petter Goga var kameramann under heile turen, og hadde heile tre kamera på sykkelen, og styrte kva bilete som skulle streamast med ein boks på styret.

– Eg tenkte me måtte prøve å sykle løypa, og streame det live med fleirkameraproduksjon frå sykkel, sa Goga før turen.

Ein monitor på styret gjorde at han hadde kontroll på kva som vart sendt ut.

– Men, den kan eg ikkje sjå for mykje på då, sa Goga.

SJÅ INTERVJU FØR AVGANG:

Petter Goga, U23-bronsevinnar Kristoffer Skjerping og tidlegare proff Stian Remme syklar no heile løypa proffsyklistane skal få bryne seg på under sykkel-VM i 2017.

FØR AVGANG: Sjå intervjuet Kristoffer Skjerping, Stian Remme, og Petter Goga før avgang på det som blir løypa under sykkel-VM i 2017.

I MÅL:

Bergen og Norge arrangerer verdas tredje største idrettsarrangement, sykkel-VM, i 2017. U23-bronsevinnar Kristoffer Skjerping, Stian Remme og Petter Goga er no i mål etter å ha testa løypa proffsyklistane skal kappast i under VM i 2017.

I MÅL: Kristoffer Skjerping, Stian Remme, og Petter Goga kom i mål etter 3 og ein halv time på sykkelen.

2017 VM-sykkel fellesstart