Den døde oppblåste kvalen blei funnen i fjøresteinane på Sandøy i Fjell fredag kveld.
Like etter klokka halv fire i dag opplyser Kystvakta at dei har skote hol på kvalen.
– Dei brukte ei mitraljøse, eit større maskingevær på 12,7 mm som er fastmontert på skipet, for å punktere kvalen. Då dei skaut på den, forsvann han nedover i vatnet. Så no trur eg ikkje me ser meir til han, seier Leif-Owe Birkeland i Kystvakta.
Har jobba med kvalen sidan fredag
Fiskeridirektoratet bestemte at kvalen skulle slepast ut på ope hav, og redningsskøyta Kristian Gerhard Jebsen starta arbeidet laurdag føremiddag. I går kveld overtok Kystvakta den oppblåste kvalen for å få slept han frå hovudskipsleia og ut havet.
– Dei har han framleis under slep, men han er ikkje så oppblåst lenger. Det har komme mykje fuglar på kvalen som hakkar og et på han. I tillegg er kvalen i bevegelse og då kan det vere det som gjer at noko av gassen siv ut, sa Leif-Owe Birkeland i Kystvakta til NRK tidlegare i dag.
– Tilbake i sitt rette element
Like etter klokka 14.30 i dag kunne Kystvakta sjå kvalen synke nedover i havet.
– Kvalen gjekk tilbake til sitt rette element, skriv skipssjef på KV Bergen, Lars Lilleng i ein e-post.
For Kystvakten er ikkje det å slepe døde kval utover noko uvanleg.
– Sist me gjorde dette var for ein månad sidan i Nord-Noreg. Om me senkar dei eller let dei drive utover, kjem an på størrelse og kor oppblåst kvalen er, seier Birkeland.
Knølkval eller finnkval
Kvalekspert og fysiologiprofessor Lars Walløe frå Universitetet i Oslo har sett bilete av kvalen, og seier det kan vere ein finnkval eller ein knølkval.
– Det er mest sannsynleg ein finnkval, men då eg ikkje kan sjå sveivene på den, så er det vanskeleg å slå fast om det kan vera til dømes ein knølkval. Halen ser ut som ein finnkval, og både knøl- og finnkval er vanlege i våre farvatn, seier han.
– For ein finnkval vil kvalen vera ung, ut frå storleiken, men dersom det er ein knølkval så vil ein vaksen kval vera på den storleiken, legg han til.
Sjå den utrulege videoen: Slik gjekk det då ein kval på Færøyane eksploderte