Hopp til innhold

Her er kvalen på veg til havs

Den stinkande, oppblåste kvalen som dukka opp i fjøresteinane i Fjell er no på veg til havs. I kveld overtar Kystvakta ansvaret for kvalen.

Sleper kvalen til havs

TIL HAVS: Redningsskøyta Kristian Gerhard Jebsen på veg ut frå Sandøy med den oppblåste kvalen på slep.

Foto: Hans Petter Turøy

Den døde kvalen blei oppdaga på Sandøy i Fjell kommune i går.

Fiskeridirektoratet bestemte at kvalen skulle slepast ut på ope hav, og redningsskøyta Kristian Gerhard Jebsen starta arbeidet laurdag føremiddag.

Vellykka slep

– Vi skal slepa kvalen fire-fem mil utover og sleppa han der. Så fer han med straumen. Det er det vi vanlegvis gjer med slike kvalar, sa skipper Ben David Leonhardsen på redningsskøyta til NRK.no i dag tidleg.

No er planane justert litt, og Kystvakta er kopla inn i saka.

– Vi ligg no i ro eit par nautiske mil ut frå staden der vi henta kvalen. Slepet har gått heilt som forventa og utan problem. No ligg vi her og held på kvalen til Kystvakta kjem i kveld og tar over, seier skipperen til NRK like før klokka 14.

Vil slepe kvalen til havs

Kystvakta legg ut frå Håkonsvern og vil vere ute ved kvalen kring klokka ti i kveld, seier skipssjef på KV Bergen, Lars Lilleng.

– Planen er å ta over kvalen og legge vestover ut i havet. Så vil me vurdere kor langt me må gå ut for at havstraumane skal ta tak i kvalen når me slepper han. Me har ikkje planar om å senke han, men få han ut av kysten og ut av hovudskipsleia slik at straumane tek han vidare, og fuglar og andre dyr får byrje å jobbe med kadaveret.

Kvalen slept ut frå land

LIGG PÅ VENT: Dette bildet som er tatt like før klokka 14 viser at kvalen ligg i ro eit par nautiske mil utanfor Sandøy. Redningsskøyta ventar på at eit fartøy frå Kystvakta skal overta ansvaret for kvalen i kveld.

Foto: Ben David Leonhardsen/Redningsselskapet

Såg noko rart i terrenget

Det var Øyvind Turøy som oppdaga kvalen.

– Eg såg noko rart i terrenget. Eg tok kikkerten, og såg det var noko som ikkje stemte. Då tok eg båten ut for å sjekka kva det var, fortalde Turøy til NRK.no i går.

Då han kom fram til staden, såg han at det var ein kval. Då køyrde han tilbake og henta sonen og ein nabo, slik at dei også skulle få sjå kvalen.

Ifølgje Øyvind Turøy er kvalen 10–15 meter lang.

Kval på Sandøy

FULL AV GASS: Kvalen var svært oppblåst då den blei oppdaga på Sandøy.

Foto: Øyvind H. Turøy / NTB scanpix

Oppblåst av gass

Det skal ha vore svært kraftig lukt av kvalen då han låg på Sandøy.

Kvalen var også full av gass, og det var fare for at den kunne eksplodera.

Det er eit kjent fenomen blant fagfolk at gass kan føra til at kvalar eksploderer. Når kvalane blir liggande lenge etter at dei dør, oppstår det gass i innvollane og magen som følgje av at dyra rotnar.

– Det er ikkje alltid dei gjer det, men det kan henda, sa marinbiolog Tore Haug i Havforskingsinstituttet då NRK.no omtalte kvaleksplosjonen på Færøyane.

Vanlegvis skjer dette langt til havs, slik at ingen får med seg verken lukt eller eksplosjon.