NRK Meny
Normal

Sjokkerte årsmøtet: Tennfjord gjekk av i protest mot medlemmane

Kjell Tennfjord gjekk av som styreleiar i Sportsklubben Brann kort tid etter at han vart valt. – Eg gjer det av lojalitet til valkomiteen, seier Tennfjord.

Kjell Tennfjord valt til ny styreleiar i Brann

GRATULASJONAR: Kjell Tennfjord vart onsdag gratulert som ny styreleiar i Brann. Etter at han gjekk av vart han i staden skjelt ut av medlemmane i klubben.

Foto: Sølve Rydland / NRK

  • SISTE: Kjell Tennfjord, Liv Grete Skjelbreid, Tom Georg Olsen og Arild Christiansen trekkjer seg frå styret.

Tidlegare trenar og sportssjef i Brann, Kjell Tennfjord, vart onsdag først valt til ny styreleiar i sportsklubben. Han skulle i utgangspunktet overta etter Rolf Barmen.

Men etter at årsmøtet hadde plukka ut resten av styret, sjokkerte Tennfjord med å trekka seg frå jobben. Han aksepterte ikkje at heile valkomiteen si innstilling ikkje vart banka igjennom.

No må det kallast inn til eit nytt årsmøte i klubben.

– Skandale

– Dette er skandalen som overgår alle skandalar, seier leiar i supportarklubben Bataljonen Roger Lillebø-Hansen.

– Dette er ein større skandale enn nedrykket, seier klubbmedlem og bystyrerepresentant Morten Myksvoll.

Begge var ein del av fleirtalet som gjekk i mot viljen til Tennfjord, og bidrog til at benkeforslaget og «supportarrepresentanten» Åshild Samnøy fekk ny tillit i styret.

Åshild Samnøy, styremedlem i Brann

SUPPORTERFAVORITT: Supporterane meiner at Åshild Samnøy framleis bør sitta i styret i Brann.

Foto: Sølve Rydland / NRK

Tennfjord, som dei siste åra har vore styreleiar i Aalesund, vart først valt med akklamasjon og utan motkandidatar. Då han trekte seg vart han møtt med sinte tilrop frå årsmøtesalen.

Sjokkerte årsmøtet

Litt tidlegare sa han dette til eit tiljublande årsmøte:

– Eg er rørt over å verta styreleiar i den mest interessante fotballklubben i Noreg, sa Tennfjord like etter at han vart applaudert fram som ny styreleiar i førstedivisjonsklubben.

Etter at valet av dei andre styremedlemmane vart fullført, kom kontrabeskjeden:

– For meg handlar dette om lojalitet til valkomiteen. Dette vart vanskeleg for meg, og eg trekkjer meg som styreleiar, sa Tennfjord.

Den nye styreleiaren hadde ei klar oppmoding til årsmøtet, etter at han vart valt: Å gå for valkomiteen si innstilling til nytt styre.

No må det kallast inn til eit nytt årsmøte i Sportsklubben Brann.

Benkeforslag

For trass åtvaringane frå Tennfjord valte supportarane saman med den såkalla «tirsdagsgjengen» å fremja kandidaturet til supporterkandidaten Åshild Samnøy. Samnøy har fire år bak seg i styret, men fekk ikkje tillit av valkomiteen.

Tidlegare styreleiar Mette Nora Sætre tok og ordet for å støtta Samnøy:

– Åshild representerer heile klubben. Åshild bidreg konstruktivt og tenkjer heilskapleg. Kjell Tennfjord: eg kan lova deg at du får eit fruktbart og godt samarbeid med Åshild Samnøy, sa Sætre.

Leiar i valkomiteen Hilde Lekven forsvarte komiteen si innstilling om å gå for Nina G. Sandnes, Tom Georg Olsen og Arild Christiansen som ordinære styremedlemmar.

Avtroppande styreleiar Rolf Barmen åtvara årsmøtet mot å gå for Samnøy.

– Eg fryktar at styremedlemmar vil trekkja seg. Eg fryktar det, sa Barmen, som måtte tola buing og tilrop frå salen.

Kø på årsmøte i Brann

KØ: Mange var ute i siste liten for å komma seg inn på generalforsamlinga i Brann onsdag.

Foto: Sølve Rydland / NRK

Den avtroppande styreleiaren fekk rett.

Etter at årsmøtet kuppa valkomiteen si innstilling og valte Åshild Samnøy (135 røyster) i staden for komiteen sin kandidat Nina Sandnes (117 røyster), kom sjokkmeldinga.

Tom Georg Olsen og Arild Christiansen vert òg valt med høvesvis 183 og 163 stremmer. Men gjekk av saman med Tennfjord.

Fram til eit nytt årsmøte heldt det gamle styret i sportsklubben fram, med unnatak av Liv Grete Skjelbreid.

Siste video

Programleiar: Tale Hauso
Panini-bølgen sprer seg over landet under VM.
Kvinner i klart undertall gatelangs i Bergen. Nå blir det endring.