NRK Meny

Skal byggja el-ferje på Stord

Den nye el-ferja som skal trafikkere sambandet Kinsarvik-Utne, skal byggast av Oma Baatbryggeri på Stord. Selskapet har signert avtale med konsernet Boreal. – Dette blir ei kortreist ferje, som både byggjast og setjast i drift i Hordaland. Oma Baatbyggeri er kjent for høy kvalitet og god leveringsdugleik og har tidlegare bygga fleire snøggbåtar for oss, seier konsernleiar Kjetil Førsvoll. Ferja, som er utstyrt med batteripakker og dieselmotor som reserveløysing, skal setjast i drift 1. januar 2020.

El-ferje skal byggast på Stord
Foto: Boreal Sjø