Det skriv Intrafish i dag.
26 000 tonn laks
Det er så langt i år eksportert omlag 26 000 tonn fersk laks frå Noreg til Russland.
Dette utgjer rundt 7,2 prosent av den totale eksporten av fersk laks.
Sjokkert næring
Styreleiar i Vestnorsk Havbrukslag, Sveinung Sandvik, hadde ikkje venta eit slikt forbod.
- Det er både merkeleg og sjokkerande, men eg er ganske overtydd om at norske styresmakter vil klara å ordna opp i dette. Dei skuldingane som er komne frå Russland er rein løgn, og botnar i anna enn laksekvalitet, meiner han.