Samtidig har pengestøtta frå staten og Fiskeridepartementet blitt redusert med 50 prosent sidan 2005.
Samstundes vart også over 130 båtar berga
Svært skuffa
Då er det skuffande å få mindre pengar frå staten, meiner seniorrådgjevar Bjørn Amundsen.
Fram til august i fjor drukna 9 menneske berre i Hordaland. Og med stadig meir å gjera for redningsselskapet svir det å få mindre pengar frå staten i rammeoverføringar.
-Ja det harmonerer ikkje i heile tatt, seier Amundsen
Prioriterer oljevern
Helga Pedersen er fiskeri og Kystminister. Og vil ikkje vera med på at 40 millionar i 2008, er mindre enn i 2007. Skulda for nedgangen på 50 prosent sidan 2005, vil ho ikkje ha.
Men vedgår at redningsselskapet ikkje har fått høgste prioritet.
-Vi har valt å prioritere oljevernberedskap og sjøsikkerhet, seier Pedersen.