Hopp til innhold

Sjaluppen frå Tirpitz får nytt liv

Eit stykke tysk krigshistorie har i mange år rotna under ein presenning i Bergen. Men no ventar ei ny framtid og kyndige hender på Halsnøy i Sunnhordland.

Eit stykke tysk krigshistorie har i mange år rotna under ein presenning i Bergen. Men no ventar ei ny framtid, og kyndige hender på Halsnøy i Sunnhordland.

SLITEN AV TIDAS TANN: Ein gong fann du denne sjaluppen om bord på verdas mest frykta krigsskip, Tirpitz.

Bak prosjektet står Johannes Eide. Mannen var ein pioner og grunnleggar av skipsindustrien på Halsnøy, og har ein stor lidenskap for gamle båtar Han har alt andre flotte klenodie i samlinga si, som med tid og stunder skal bli til eit museum.

Sjaluppen frå Tirpitz må han til Bergen og Laksevåg Verft for å hente.

Johannes Eide

OMFATTANDE ARBEID: – Mange arbeidstimar ventar, seier Johannes Eide.

Foto: Christine Kongsvik / NRK

– Hadde mor mi vore med så veit eg kva ho hadde sagt. No må de koma dykk heim igjen, seier Johannes Eide og ler.

For sjaluppen er pr. i dag i ei sørgeleg forfatning, Tidas tann har sett sitt preg på det 76 år gamle skroget. Det er bra at Eide ikkje må spørje verken mor si eller andre om lov når det er snakk om såpass sjeldne klenodium

Tirpitz

BLANT DEI STØRSTE: Tirpitz fotografert ved kysten av Noreg. Kanskje er det offiserssjaluppen vi ser til høgre.

Foto: Norsk Filmrevy

Blant dei største i Hitlers flåte

Roger Iversen

– STOR OPPGÅVE: Roger Iversen er den tidlegare eigaren av sjaluppen. Han er glad for at båten no får ein trygg heim.

Foto: Christine Kongsvik / NRK

Slagskipet Tirpitz var eit av dei største i Hitlers krigsflåte. Då skipet blei senka utanfor Tromsø i november 1944, omkom 916 mann. Men den eine offiserssjaluppen blei berga. Sidan 1950 har den vore i Bergen før den no vert frakta til Halsnøy.

– Det er viktig at nye generasjonar får eit innblikk i kva som skjedde her i landet under krigen, seier Johannes Eide.

For den tidlegare eigaren av båten er det godt å sjå at den no vert skikkeleg teken vare på.

– Det er ein stor oppgåve, men no har båten fått seg ein trygg heim, seier Roger Iversen.

Offiserssjaluppen fra Tirpitz

SLIK SER DEN UT I DAG: Offiserssjaluppen frå Tirpitz på veg mot sin nye heim på Halsnøy.

Foto: Christine Kongsvik / NRK

Mykje arbeid

Dermed blir restane av Hitlers krigsflåte heist om bord i eit norsk kystvaktskip. Til kjente tonar legg sjaluppen ut på si siste sjøreise til Høylandsbygd på Halsnøy i Sunnhordland.

Mykje arbeid står att, men Johannes Eide er eitt steg nærare draumen om eit maritimt museum.

– Vi har jo eit håp om at vi skal få bygt opp eit senter her på Halsnøy og vareta dei lange båttradisjonane vi har her nede. Eg trur sjaluppen blir eit fint objekt, som vil vere med å utfylle historia om krigen.