Sjå det massive snøskredet frå lufta

Skredfaren i Romarheimsdalen er framleis stor og det har gått fleire skred i området i dag. Sjå flyfoto av det massive snøskredet som begravde fleire bilar i går.

Slik ser det ut ved snøskredet som gjekk søndag kveld på E39 i Romarheimsdalen.

Sjå video av snøskredet frå lufta. Fotograf: Kjell Jøran Hansen | Redigering: Sigurd Hamre

Snøskred i Romarheimsdalen ved E39

FLEIRE SKRED: Det har gått fleire snøskred i Romarheimsdalen måndag. Ingen av desse har nådd E39, men rasfaren er så stor at vegen vil

Foto: Marie Furhovden / NRK

Dagslyset måndag avslørte dei store dimensjonane på snøskredet som trefte E39 i Romarheimsdalen i Hordaland i går kveld.

Samstundes vart det klart ein ikkje kan opna europavegen forbi staden, fordi det er stor fare for at det kan koma meir frå fjellsidene.

– Medan vi var inne i området og sjekka i dag, gjekk det fleire skred. Så skredfaren er framleis betydeleg og vi held vegen stengt, seier geolog Julie Engelien Bjørlien i Statens vegvesen til NRK.

Knuste ruter i bilane

Elleve personar i fire bilar opplevde marerittet i går kveld, då store snømengder rasa over europavegen. To personar fekk kuttskadar då frontruta på bilen vart knust. Dei måtte krabba ut av bakruta for å kome seg i tryggleik.

Også eit lite barn fekk mindre kuttskadar då sidevindauget på bilen vart blåst inn av dei veldige snømengdene.

Sjå flyfoto frå rasstaden måndag:

Gå til forsiden

Stort snøskred i Romarheimsdalen

Snøraset på E39 i Romarheimsdalen

Stort snøskred i Romarheimsdalen

8 bilder

    – Fleire kjente skredpunkt

    Geolog Julie Engelien Bjørlien i Statens vegvesen

    Geolog Julie Engelien Bjørlien opplevde at det gjekk fleire snøskred

    Foto: Marie Furhovden / NRK

    Også i dag har det gått fleire skred på strekningen, men ingen av dei har nådd E39.

    – Det er fleire kjente skredpunkt her. Området ligg inne i skredsikringsplanane våre, og vi vil kanskje prioritere tiltak på denne strekninga framfor andre stader, held geologen fram.

    Klokka 10.00 tysdag blir det gjort ny vurdering om europavegen kan opna igjen.

    Ferjer går ekstraruter

    I samband med stenginga vil ferjesambanda Leirvåg–Sløvåg og Masfjordnes–Duesund gå utover oppsett ruteplan, så lenge det er naudsynt.

    Ferjene på sambandet Leirvåg – Sløvåg på fylkesveg 57 vil gå kvar time i heile natt.

    Elles oppfordrar Vegvesenet å køyre om riksveg 5 frå Skei til Lærdal og E16 vidare til Bergen.

    Siste video

    Den tre kilometer lange tunnelen gjennom Løvstakken kan komme til å koste opp mot 150 millioner kroner.
    Gjengen i Stjernekoret har sunget sammen i flere år, men i høst bestemte dirigenten at koret skulle prøve noe helt nytt.
    Brann har inngått avtale med Nike - og med på kjøpet kommer helt nye røde trøyer.