NRK Meny
Normal

Inger leigde ut hagen sin – VM-fansen stilte med lavvo og utedo

BERGEN (NRK): Med perfekt plassering midt i Laksebakken, opna Inger hagen sin for ein gjeng framande sørlendingar under fredagens fellesstart for juniorkvinner og U23-herrar.

Gå til forsiden

Endeleg kom sykkelfesten til Landås

U23-herrene på vei opp Laksebakken.

Endeleg kom sykkelfesten til Landås

15 bilder

SJÅ BILETA: Sykkelfest på Landås.

    Trass i typisk vestlandsvêr var det likevel stort engasjement blant dei frammøtte då VM-løypa endeleg svinga innom Landås.

    Medan somme nøgde seg med eitt enkelt flagg, tok andre det til eit heilt anna nivå.

    I hagen til Inger Skålevik Olsen står det nemleg ein lavvo, festivaltoalett og eit telt med tre kokkar.

    Inger Skålevik Olsen og Svein Bergheim

    GØY: Inger Skålevik Olsen ville bidra då Svein Bergheim ynskte å låne hagen hennar under sykkel-VM. – Eg liker å ha det litt gøy, fortel ho.

    Foto: Mette Anthun / NRK

    – Ein oase i Laksebakken

    Fellesstart for juniorkvinner og U23-menn gjekk føre seg fredag, og Svein Bergheim, som til vanleg bur i Kristiansand, gjekk langt for å sikre seg orkesterplass.

    Det var tidlegare i år at han var i Bergen for å levere nokre el-syklar.

    – Eg måtte nesten sjå meg litt om i løypa. Då fann eg hagen til Inger. Den er ein oase, så eg var nøydd å spørje om vi kunne få bruke den under sykkel-VM, fortel han.

    Landåslien under sykkel-VM.

    OASE: Då Svein Bergheim fekk auge på hagen til Inger Skålevik Olsen, var han ikkje i tvil om at han ville låne den under sykkel-VM.

    Foto: Mette Anthun / NRK

    Var skeptisk

    Skålevik Olsen bur nemleg midt i Landåslien, eller Laksebakken som den er døypt om for anledninga. Og sjølv om ho var skeptisk til tilbodet frå Bergheim, bestemte ho seg for å sei ja.

    – Han vinka meg ut av huset og spurte om han kunne få låne hagen for å ha det litt gøy. Nokre sjansar må ein ta. Han såg jo ut som ein grei kar, og det er ikkje kvar dag det kjem VM til Bergen, seier ho.

    Har tre kokkar

    No er altså den digre lavvoen i hagen tilhaldsstad for mellom 25 og 35 sørlendingar.

    Og ikkje nok med det – Bergheim har også sytt for tre kokkar som lagar mat til heile reisefølget.

    Sjølv har han gått inn i rolla som kommentator, og har både skjermar og miksebord på plass på eigedomen i Landåslien 37.

    – Eg byr på meg sjølv og tek ikkje meg sjølv så høgtideleg. Det vart rett og slett naturleg, forklarar han.

    Han trur det blir vanskeleg for forbipasserande å unngå å legge merke til dei.

    – Alle som er i Salmon hill vil kunne oppleve stemninga frå oss, trur han.

    Øivind Bergheim og Rikard Rosseland

    LAGAR MAT: Øivind Bergheim og Rikard Rosseland er to av tre kokkar som diskar opp med mat i hagen i Landåslien. Dei skal mette om lag 50 personar under VM-festen.

    Foto: Mette Antun / NRK

    – Kjempekoseleg

    Inger Skålevik Olsen og Oddrun Skålevik

    MOR OG DOTTER: Også mor til Inger, Oddrun (91) er med på den store hagefesten i Landåslien under sykkel-VM.

    Foto: Mette Anthun / NRK

    Skålevik Olsen vedgår på si side at det heile vart litt meir enn ho hadde tenkt.

    – Eg har vore litt sveitt. Særleg då dei leverte toaletta med ein kranbil klokka halv sju om morgonen. Då dei i tillegg sette opp lavvoen, vart eg litt redd for kva naboane tenkte, innrømmer ho.

    Likevel syns ho det er kjekt å kunne hjelpe til.

    – Det er jo rett og slett kjempekoseleg. Akkurat som å vere på telttur med den gode lukta og stemninga.

    Ho røper at det er fleire i familien som syns det er stas med sykkel-VM.

    – Mor mi på 91 følger med frå vindauget nett no. Ho kosar seg med kaffikoppen, og kjem ut når vêret er bra, fortel ho.

    Siste video

     Programleder Mariann Reikerås
    13 lam rømde då bilen dei vart frakta med kolliderte. Dyretransporten fekk ein brå stopp og sauene stakk til skogs.