Hopp til innhold

Siviltenesta døyr ut

Frivillige organisasjonar, barnehagar og det offentlege blant taparane.

Starefossen barnehage

Starefossen barnehage er blant dei som lid under manglande sivilarbeidarar.

Foto: Ingvild Førde Flatøy / NRK

I løpet av dei siste tre åra har søkjartalet på ungdom som vel siviltjenesta istadenfor militæret gått kraftig ned.

I 2004 var det 487 som søkte om å få jobbe som sivilarbeidar her i fylket, medan i år har det berre vore 106 søkjarar.

Rådgjevar i siviltjenesta Steen Larsen fryktar no at siviltjenesta er i ferd med å døy ut.

Nedgangstalet i søkjarar dei siste tre åra er oppsiktsvekkjande, både på landsbasis og i Hordaland fylket. Dette kan no få konsekvensar for dei ulike tjenestestadene som pleier å benytte seg av sivilarbeiderer.

Starefossen barnehage i Bergen har benytta seg av sivilarbeidarar dei siste ti åra, men til hausten har dei ikkje fått tak i nokon enno. Styrar Ingunn Talhaug Rasmussen seier sivilarbeidarane har vore ein ressurs for barnehagen. Foreldra til borna i barnehagen har og sett pris på den mannlege arbeidskraften dei har fått gjennom siviltjenesta.

- Dei gjer ofte utadisjonelle ting som vi damer ikkje kjem på, som å klatre i trea, byggje og mekke.

Rådgjevar Larsen har ingen positive meldingar å kome med til Starefossen barnehage. Dei få som har søkt er ettertrakta blandt dei ulike tjenestestadenen, og det er liten sannsynlighet at Starefossen barnehage får hjelp fra siviltjenesta denne høsten.

Denne utviklinga liker styrar Ingunn Talhaug Rasmussen dårleg.